8

Innsendt av Vidar Sogge

Tur til Soggnebba 18. mai

Vi hadde sett av dagen til å ta ein tur til turorienteringsposten på Soggnebba. På grunn av stor snøsmelting valde vi å gå opp den nymerka stien frå Sogge, for da var det ingen bekker vi måtte passera. Vi hadde tala med grunneigar i Utistua på Sogge (Utistua har ei kvit gardsbygning som ligg rett nedunder Soggnebba), og dei fortalde at det er heilt greitt at deltakarar på turorienting og andre turfolk passerer gjennom gardstunet og parkerer på lunningsplassen.

Straks etter start tok vi ein avstikkar oppom Jøtulomnen. Hans Hyldbakk har mange forteljingar om Soggnebbjøtulen som budde her. Desse segnene står i boka Gamalt frå Surnadal.

Eit godt stykke oppi lia møtte vi stien som kom frå Honnstad, og vi følgde den til vi kom opp på Soggnebba.

Flott vêr heile dagen, og da vi kom til Sogge, viste gradstokken 30 grader.

Jøtulen i Soggnebba
"I Soggnebba er det den dag i dag eit stort hol som alle som lever i Nerbygda kan sjå. Her seier segna at jøtulen i Knyken hadde tilhaldet sitt.
Ein gond han vart frykteleg sinna, tok han ein stor stein og grytta over elva til Grangnes, og der skal han liggja den dag i dag.
Jøtulen her hadde ein stor hund, som han sende rundt ikring i bygda for å drepa sauer og anna slakt til føde åt seg. Om denne hunden er det sagt at han for igjennom fjellet frå Soggnebba og kom utatt i Aukjedalen (ved Bankaren, der du på veg til Vindøldalen passerer eit stort steinbrot og knusverk i dag) ovanfor Mauset'n, men da var han heilt snau.
Jøtulen i Soggnebba let livet sitt ein julekveld. Han kom seg for seint heim i holet sitt oppi Nebba før dei tok til å ringja inn jula med Raneskjerka."

Her er en bildeserie frå turen! Klikk bilda større.

1
Soggnebba. Jøtulomnen ser vi som ein svart flekk til høgre for midten av bildet. Hans Hyldbakk fortel dette om jøtulen i Soggnebba i boka Gamalt frå Surnadal.
2
Straks opp for parkeringsplassen står skiltet som viser stien til Jøtulomnen.
3
Eit tau heng ned frå Jøtulomnen for å gjera det lettare å koma seg opp til hola. Ikkje heilt ufarleg, så her gjeld å vera forsiktig!! På eige ansvar!!
4
Utsikt ut frå Jøtulomnen.
5
Fin kvileplass straks etter du kjem opp på Berget.
6
Stidele på austenden av Berget.
7
Vi følgjer pilen som peikar mot Soggnebba.
8
Endeleg oppe på Nebba! Flott utsikt nedover bygda
9
til Mogstad
10
og heilt opp til Gulla.
11
Når bekkane blir mindre, er det kortast når du legg turen om Honnstadvatnet. Men da får du ikkje med deg Jøtulomnen!
12
Stavgangtur til Soggnebba for 2 år sidan. Denne dagen starta vi frå Honnstad. Her passerer dei bekken som renn ut frå Honnstadvatnet, og som skaffa vatn til kraftverket på Honnstad. I framgrunnen kan vi sjå restane etter den gamle dammen.