
Tur til Skarven
Søndag inviterer trimgruppa i Bæverfjord i.l. store og små med på fottur til Sæterbøsetra og Skarven. Det er avgang frå Borstua i Bæverdalen kl. 11.00, og til dei som går for trimkrus, kan det opplysast at turen går om to av dei faste trimpostane til idrettslaget.
Trimgruppa i Bæverfjord i.l. håpar ingen har gløymt den oppsette turen til Sæterbøsetra og Skarven på søndag. Det er felles avgang frå Borstua i Bæverdalen kl. 11.00, og derifrå følgjer vandrarane skogsveg opp mot Sæterbøsetra. Like før setra tek følgjet av på ein sti og følgjer denne opp mot toppen. Her ventar belønninga i form av ein flott utsikt over fjellheimen. Dette er ein “topptur” som bør vera eit rimeleg mål også for den relativt utrena turgåaren, ikkje minst barn. Dessutan går turen om to av idrettslaget sine trimpostar. For dei som går for trimkrus, kan det altså vera lurt å bli med på denne turen.