
Tur til Fosskonserten
Det har med tida blitt ein årleg tradisjon å gå over fjellet frå Bæverdalen til Valsøyfjord på Fosskonsert. I år var heile 22 personar med i eit sosialt og triveleg følgje som tok vegen over Holtaskaret. På grunn av rikeleg med nedbør den siste tida var det nokså vått i marka, men akkurat denne dagen var turværet likevel upåklageleg, og det vart berre stadig betre utover dagen. Det var derfor mykje vakker natur å sjå også før høgdepunktet, som var da turgåarane endeleg kunne skue ut over Valsøyfjorden og nedstiginga ned mot Fossdalen stod for tur.