Tung dag på Syltøran
Surnadal Ils damelag møtte i ettermiddag Molde2. Vi fekk ein jamn kamp på ei tung bane med tap for Surnadal 1-2. Tidlegare på dagen tapte herrelaget til Surnadal IL 1-2 mot Sogndal2.
Ingrid Bæverfjord vart kåra til dagens Surnadal Sparebanks SIL-dråk av A-lagsspelarane, som var jury i dag.
Laga kjempa lenge på 1-1 og angrepa gjekk begge vegar. Først langt ut i andre omgang kom andremålet til Molde2, og det avgjorde kampen.
Det var ein sliten gjeng som gjekk av den tunge banen, ingen av laga kan klage på innsatsen.
Sjå også om kampen på SILs Facebookside.
Sjå bildeglimt nedafor, men ingen av bilda viser måla!