Tryggar beredskapen på vatn med ny redningsbåt
Etter eit års samla krafttak blei prosessen om innkjøp av redningsbåt til hjelpekorpset i Surnadal Røde Kors endeleg ein realitet. No står ein ny 17 fots aluminiumsbåt på hengaren i Røtet, klar for oppdrag som måtte kome.
I fjor vår blei det beslutta å investere i ein redningsbåt med nødvendig hjelpeutstyr og søknadsprosessen byrja for fullt. Behovet for båt var tilstades og etter eit samla krafttak har dei no deira eigen båt som kan nyttast. Tidlegare har hjelpekorpset måtte låne båt av private personar rundt om ved ulike oppdrag, noko som ikkje er gunstig.
- For meg er det viktig at vi opererer med påliteleg og trygt utstyr. No som vi har eigen båt vi veit fungerer ordentleg til ei kvar tid, og er kjent med, føler vi oss tryggare på slike aksjonar, fortel Reidar Brøske, leiar i Surnadal Røde Kors.
Tryggar beredskapen på vatn
I månadsskiftet mai/juni blei det investert i ein 17 fots Buster aluminiumsbåt med dobbelt skrog og 60hk motor ved Gridsvåg Båt og Motor. Båten er utstyrt med nødvendig utstyr som kartplottar og djupnemålar. I tillegg har dei sjølv montert ekstra LED-lys. Redningsbåten står alltid på hengar klar til bruk ved depotet i Røtet.
Det er heilt klart at båten tryggar beredskapen på vatn. Sidan anskaffing av båten har den vore brukt på eit titals oppdrag. Den solide båten er eit unikt hjelpemiddel som fungerer utruleg godt. Responstida og tidsforskjellen på oppdrag der det er behov for båt har vorte redusert, noko som er ei positiv utvikling som kjem alle til gode.
Utan støtte frå lokalsamfunnet hadde det ikkje vore mogleg med ei så stor investering. Surnadal Røde Kors vil takke alle som har bidrege: UNI-stiftelsen, Surnadal Bygdekvinnelag, Surnadal Sparebank, Surnadalsrussen 2018, Surnadal Kjemiske Industriarbeidarforeining SKIF (Pipelife), alle som bidrog på Vipps-aksjonen til Surnadal Røde Kors Hjelpekorps og alle som var med Surnadal Røde Kors sin busstur til Smøla i 2017.
Bak f.v.: Lars Polden (Korpsleder), Bjørn Moe (Transportansvarleg), Ole Sæterbø (Nestleiar i lokalforeininga), Olav Polden (Medlem), Martinus Grønnes (Medlem), Reidar Brøske (Leiar i Surnadal Røde Kors). Foran f.v.: Janne Husby (Administrativ leiar), Linda Kvande (Operativ leiar i hjelpekorpset).
Tekst og foto: Siri Sylte Heggset.