
Trollheimsmarsjen 2010
Trollheimsmarsjen ser ut til å bli ein tradisjon, og på søndag arrangerast den for tredje gong. Dagsturen går frå Todalen til Ålvundeid, nærare bestemt frå Bordholmen i Todalen, opp til Ørsalsetra og vidare til Todals Vardane og ned Børsetlia til Ålvundeidet. Turen over fjellet er på 13 km og er rekna med å ta ca 5 timar, alt etter dagsforma til deltakarane.
Turstarten går frå Bordholmen stadion i Todalen mellom kl 08.30 og 11.00. Målgang på Leikvoll stadion på Ålvundeidet er berekna kring kl 17.00 (inklusive pausar).
I løpet av turen får ein blant anna høyre historier og skrøner om samkvemmet mellom bygdene, og om kulturen for bruk av fjellet. Natursti med aktuelle spørsmål vil også gjennomførast i løpet av turen, som premierast framme på Leikvoll stadion. Hovudpremien er eit års gratis AutoPass i Trollheimstunellen. På Leikvoll blir det også høve til å ta ein dusj og kjøpe seg middag.
Begge bileta teke av Anders Talgø for todalen.no i 2009.