Trollheimen Treningssenter feirar 10 år
29. februar 2008 blei dørene til Trollheimen Treningssenter opna for første gang. Onsdag feira dei 10 år og inviterte folk til kaffe og kaker på treningssenteret.
Bildet over: Dagleg leiar ved Trollheimen Treningssenter, Ståle Sæterbø, feirar 10 år med trening, og er klar til å utvikle treningssenteret vidare.
Ståle Sæterbø fortel at det går godt med treningssenteret, spesielt etter dei opna i Halsa. Dei har folk inne og trener kvar dag frå dei opnar dørene til nesten etter dei lukkar. Trollheimen Treningssenter har hatt rundt 1750 forskjellige medlemmar dei 10 åra dei har drive treningssenteret, akkurat nå har dei ca. 600 medlemmar. Det er ikkje dårlig når vi tenkjer på folketalet i Surnadal og Halsa.
Ståle fortel også at dei har planar for framtida med å utvikle, utvide og gjera treningssenteret meir tilgjengeleg. Vi kan derfor vente oss mykje spennande frå treningssenteret i åra som kjem!
10-årsjubileet ved Trollheimen Treningssenter blei feira med kaffe og kake.
Trollheimen Treningssenter AS er medlem i Trollheimsporten.