Trio Regnskap styrker seg
Trio Regnskap Surnadal AS har kjøpt alle aksjane i Krone Regnskap AS. Kristin Nyhagen, som er eigar og dagleg leiar i Krone Regnskap, har gjort dette for å vere med på å skape eit selskap med sterk markedsposisjon i Surnadal og på Indre Nordmøre.
Dagleg leiar i Trio Regnskap Surnadal AS Rolv Lysø, og Kristin Nyhagen, tidlegare dagleg leiar i Krone Regnskap AS - no medarbeidar i Trio Regnskap Surnadal AS.
Tilsaman får Trio Regnskap no 14 tilsette, der halvparten er autoriserte rekneskapsførarar. Selskapet har kundegrunnlaget sitt i området Molde – Kristiansund – Trondheim. På sikt reknar dei med at det blir felles kontorstad.
Krone Regnskap har røter tilbake til 2004-2005 og Martin Botten. Når Kristin Nyhagen no har gått inn for dette salget, hadde ho to argument:
- Det nye selskapet hadde same tankane om framtida for rekneskapsbransjen.
- Selskapet måtte ha lokal forankring.
- Dette blir til det beste for kundane og dei tilsette, seier Nyhagen.
- og Trio blir styrka, legg Rolv Lysø til.
Rekneskapsbransjen er i stor endring. Den teknologiske utviklinga skyt fart som aldri før, og konkurransen om både kundar og tilsette blir stadig tøffare.
Kundane krev større tempo med oppdaterte rekneskap til kvar tid. Arbeidsprosessane blir automatiserte og fokuset går frå bokføring til rådgjeving og anna støtte til kundane. Meir og meir tid går til besøk hos kundane med rettleiing og rekneskap. Derfor er nærheit så viktig.
- Det verste vi kan høre er at ein kunde ikkje har fått nok hjelp til gode løysingar og automatisering av rekneskapen, seier Nyhagen.
- og det beste er når kunden seier: - No har eg fullt oversyn over rekneskapen min! Dit vil vi komme, legg Lysø til.
Ein må ha tid til samtale for å få fram behovet hos kunden, som møter stadig auka krav på økonomisida.
Trio Regnskap Surnadal AS har saman med morselskapet Trio Regnskapsservice AS dette som mål. Dei vil skape verdiar saman med kunden. Nøkkelen til den verdiskapninga ligg i møtet mellom menneska, i relasjonen medarbeidarane har til den enkelte kunden. Dette i tråd med det som står nedfelt i visjonen til Trio Regnskap, "Fantastiske kundeopplevelser – hver dag!"
Oppkjøpet av Krone Regnskap AS gjer det muleg å skape eit større rekneskapsmiljø med auka kompetanse og auka fokus på verdiane hos kunden. Det vil vere eit gode for alle kundane og medarbeidarane våre. Gjennom dette oppkjøpet får firmaet med seg enda fleire dyktige og motiverte medarbeidarar som saman skal skape verdiar for kundane.
- Medarbeidarane er den viktigaste ressursen vi har, seier Rolv Lysø. - Vi i Trio Regnskap jobbar kvar dag med at alle dei flotte medarbeidarane våre skal kunne utnytte ressursane sine maksimalt til gode for seg sjølve, kundane og Trio.