Surnadal kommunevåpen 200x246

Til frivillige lag og organisasjonar i Surnadal

Treng de pengar?

Da kan dette kurset vera til stor nytte: "Tilskottsordningar for frivillige lag, organisasjonar og små bedrifter som driv innanfor reiseliv/friluftsliv". Onsdag 9. november i Svorkasalen på Kulturhuset. Kl. 18.00 - 21.00 Tilskottskurs for alle. Kl. 21.00 - 22.00 Ein til ein oppfølging for dei som allereie har eit prosjekt ogtreng midlar. Kurset er gratis.Arrangør: Surnadal kommune og Surnadal idrettsråd.

Kurshaldar Anders Vik frå K-forum i Kristiansund kommune meiner at det er bortimot
13 milliardar i tilskottpengar som svever rundt i det store tilskottsuniverset her i
Norge.


Surnadal kommune og Surnadal idrettsråd ønskjer at litt av dette skal komme
frivillige lag og organisasjonar her i Surnadal til gode, derfor arrangerer vi
gratis kurs om temaet.


Kurset kan òg vere interessant for dei som driv med "småskalaturisme" - som treng
tilskott for å lage ein gapahuk, eller kjøpe ein lavvo etc.


Ombygging/tilpassing av gamle kulturbygg til universell utforming kan og vere eit
tema som gjeld fleire.


Ta kontakt om de ønskjer meir informasjon.


Lilli Husby
Einingsleiar kultur
Surnadal kommune
91112416