team_D3_2017

Trenartrio klar for Surnadal/Søya/Todalen

Det er no klart at trioen Asbjørn Saltrø, Ingvild Berg og Veronica Thunestveit Aasgård tek over trenaransvaret for damelaget i 3. divisjon. Med seg får dei eit solid og talrikt støtteapparat beståande av Heid Snekvik, Tove Kristin Holten, Guro Mogstad og Liv Grimsmo.

Asbjørn har mange år bak seg som aktiv fotballspelar, for Sunndal sitt gode juniorlag, for Surnadal da dei var i 2. divisjon og også for Todalen i 3. div saman med m.a. velkjende Terje Talgø. Han har vore med i apparatet rundt jente- og damelag dei siste sesongane og tek no ytterlegare ansvar i trenarrollen. Asbjørn vil bli den som leiar laget i kampar når han ikkje har skiftarbeid i Nordsjøen, skriv Surnadal IL i ei pressemelding onsdag.

- Eg er motivert og klar til å gyve laus på ein ny sesong saman med desse supre jentene, seier Asbjørn Saltrø. Vi har fleire nye spelarnamn på blokka, og er godt i gang med å planlegge oppkøyringa til neste års sesong som eg er sikker på blir kanonartig saman med dette ”dreamteamet” som eg føler vi sit med no.

- Eg har sit stort hjarte for jente- og damefotballen og brenn for at dei skal ha skikkelege rammer rundt idretten sin. Ambisjonen er klar: Vi har mannskap og evner til å ta steget opp i 2. divisjon. Vi var ei hårsbredd unna i fjor. Kanskje er vi der i år. Eller neste år. Men dit skal vi.

Ingvild underviser til dagleg mange av jentene i toppidrett på Surnadal Vgs. Ho har ein master i idrett og kjem frå jobb som lektor ved Høgskolen i Nesna, idrettsseksjonen. Ho har spelt på høgt nivå i toppserien og 1. divisjon for både Skjetten, Manglerud Star, Alta og Fløya, og sist som spelande trenar for Nesna før ho flytta til Surnadal i august. Vi fekk gleda av å ha Ingvild på laget i nokre av haustkampane, og i komande sesong vil ho bidra både som spelar og trenar.

- Desse jentene er unge og har mykje i seg. Eg gledar meg til å bidra, og vil halde utviklinga av den enkelte spelar og utvikling av spelet i fokus, og då kjem nok resultata av seg sjølv, smiler Ingvild. Ingvild er også kjend for å køyre utholdenheitsøkter som det luktar fuggel av….

Veronica er ”Søyajente” og var eit svært velkjend fotballnavn lokalt før ho reiste ut av kommunen for å utvikle fotballtalentet sitt. Turen gjekk til spel for Ranheim og deretter Bergens-klubben Arna Bjørnar der ho står oppført med over 100 kampar i toppserien gjennom 7 sesongar! Veronica vil i vårsesongen ha rimeleg fullt program på heimebane med oppussing og overtaking av gard, men vil innimellom bidra som trenar -  og forhåpentlegvis også på matta etter kvart.

- Forferdelig artig å koma heim og kunne bidra med noko av kompetansen eg har tileigna meg desse åra. Dette skal bli spennande, seier Veronica, som for øvrig også har ein aldrisåliten ”spasertur” på 4 månader i fjellet frå Vardø til Tustna på CV-en for eit par år sidan.

Jon Magne Helgetun frå fotballstyret seier seg svært godt nøgd med å ha landa dette sterke teamet som er klare for å halde fram med det gode arbeidet med damefotball i kommunen vår.

- Eg har klokketru på dette teamet! Det er med stor glede vi konstaterer at vi har fått på plass motiverte fotballfolk som vil evne å bygge vidare på det gode grunnlaget som er lagt dei siste to åra. Vi vil fortsatt kunne gi ei stor spelargruppe på rundt 25 det sportslege tilbodet dei fortener, og over tid halde fram med å bygge eit miljø med kvalitet der det er triveleg å drive idrett.

- Dette er trenarar med samansette ferdigheiter, med Asbjørn som har jobba med jentefotball i ei årrekkje, og med to sterke damer med solid bakgrunn frå høgt nivå i damefotballen. Det veks ikkje på tre i lokalsamfunn av vår storleik, så vi føler vi har vore svært heldige!

- Vi er også glade for å ha fått på plass eit vidare samarbeid med naboklubbane våre i Søya og Todalen, og får no også ein trenar gjennom Veronica som har sine røter i Søya.

No gledar vi oss berre til fotballen skal rulle på Syltøran igjen til våren!

Foto: Surnadal IL