Trekunst i tre veker
Elvepromenaden blir dei neste tre vekene utstillingsstad for mesta 20 treskulpturar som Ove Magne Aasen har forma. Somme vil kanskje kjenne dei att frå gardsvegen hans på Eidet i Surnadal.
Fram til 5. august er dei på sommarferie ved Elvepromenaden i Rindal, frå RBL/Bunnpris nedover til Rinnvollen stadion. Etterpå skal dei tilbake til gardsvegen.
Ove Magne Aasen fortel at alle figurane og skulpturane er skore ut av eitt tre. Han veit til og med kvar dei fleste emna kjem ifrå. Motorsaga er viktigaste redskapen, og i tillegg brukar han vinkelslipar med pusseskive på til finpussen.
Idéane får han etter han har lagt seg om kvelden og ikkje får sove. Arbeidet med dei vidløftigaste figurane tok ei heil arbeidsveke.
Ove Magne Aasen i lag med naboar og dugnadsarbeidarar for Elvepromenaden, Ronny Aasen, Geir Atle Kvendset og Per Skjølsvold.
Nedafor gangbrua står den første figuren.Nedover Elvepromenaden møter du først eit par kjente figurar, og vidare nær på 20 kunstverk. Se bildeserie nedafor!