Transporthistorie på Sjøbruksmuseet

Komande søndag blir det både bil-nostalgi og meir moderne logistikk på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Dagens vert Inge Dønheim har fått med seg entusiastar frå eit frodig transportmiljø til å vise bilete og fortelje om ei rivande lastebilutvikling gjennom 60-70 år. 

Ein liknande temakveld i Surnadal tidlegare i år samla fullt hus. Foto-gjensyn med ulike transportmiddel vil garantert vekkje både stemning, nostalgi og genuin interesse hos publikum på museet denne søndagen. Og Bøfjorden Historielag oppfordrar alle som sit med foto, personlege minne og andre opplysningar til temaet, om å møte fram med sine bidrag. Museet sørgjer for kaffe med tilbehør.

Denne lastebilen var av dei første i Åsskard. Publikum vil kanskje kjenne att nokon av personane?

Transporthistorie BIL_690x552.jpg

 

Innsendt av Bernt G. Bøe