
Torkjell Berulfsen til Vårsøg hotell
Til helga kjem Torkjell Berulfsen på besøk til Vårsøg hotell. Berulfsen burde vera kjent for dei fleste, mellom anna som journalist, komikar, forfattar, programleiar i NRK og generelt for sin gode replikk. På fredag vil han vera å finne på Musters med foredraget “Dråper av ølet si historie”. Der vil det også bli smaksprøvar, spesialbestilt både utanlands og innanlands. Laurdag held han foredraget “Brennevin er sunt”.
Foredraget inngår i ein heilaften med 3-rettars middag, og billettprisen inkluderer både mat, drikke, foredrag og smaking av akevitt. Meir om Torkjell Berulfsen finn du på Wikipedia ved å klikke her.Du må hugse å bestille billett om du vil vera sikra plass til helga. Klikk her for meir info på hotellet sine nettsider.
Vårsøg hotell er medlem av Trollheimsporten. Bli medlem du og! Klikk her for å bli medlem. Alle medlemmer her.