Tor Inge Polden har signert for Molde FK
Surnadal IL Fotball melder på sine Facebooksider torsdag kveld at 16 år gamle Tor Inge Polden har signert for samarbeidsklubben Molde FK. Han går på toppidrettslinje i byen og overgangen er en fjær i hatten både for Tor Inge og SIL, skriver Surnadal IL Fotball.
Surnadal IL Fotball skriver på sin Facebookside:
"Det er no klart at Tor Inge Polden har signert for vår kjære samarbeidsklubb Molde FK. 16-åringen går på toppidrettslinje i byen, og overgangen er ei fjær i hatten både for Tor Inge og SIL.
Den unge forsvararen debuterte på A-laget som 15-åring borte mot Midsund i fjor haust, då laget sikra opprykk til 3. divisjon. Det var ein av to A-kampar for Tor Inge i 2015, medan han i 2016 har vore ein viktig bidragsytar gjennom spel i 22 av 28 obligatoriske A-kampar - 20 av desse frå start.
Polden, som er son av trenarkoordinator Terje, har i fleire år representert Surnadal IL Fotball på ein flott måte via både krets- og fylkeslag, i tillegg til å vere ein viktig brikke i vår gode 2000-årgang. Vi gler oss til å følgje utviklinga hans vidare i Molde-drakta, der han truleg får den nasjonale G19-ligaen som sin primære kamparena komande sesong.
Gratulerer til Tor Inge, og masse lykke til i MFK!"
Vi i Trollheimsporten ønsker han masse lykke til videre i ny klubb.
Bilder fra facebooksiden.