Tonekafé med albumblad
Ensemblet «Hjemmelaget» (bildet) sette forsamlinga i musikalsk godlune. Og bileta på skjerm og lerret skapte gjenkjenning og gode kommentarar på «tonekaféen» Bøfjorden Sjøbruksmuseum sist søndag.
Det var feeling og stilsans over musikken som dagens kvartett (bildet over), Ronny Jensen (bass), Tony Hopen (trommer, song), Espen Wilhelmsen (gitar) og Peder Hønsvik (ulike trekkspel) serverte. Det varierte programmet baud på tango, musettevals, musicalinnslag og allsong med forsamlinga.
Natur og kulturhistorie
Første bileta illustrerte «Turar i Bøfjorden» - der idrettslaget og historielaget har forsynt 26 turløyper med kulturhistorie i hefte og på skilt.
Her var gjensyn med Sjursfløgda, der bauaten fortel at Sjur frå Søgarden omkom i 1813. På Trollbakken møttest bjønnen og Staknes-bonden Erk og fekta mot kvarandre – Erk med øksa og bjønnen med labben. Sistnemnte rømte! Per, sønnen til Erk, bygde seterfjøs med material han bar opp lia på skuldrene. Og neste generasjons Erik fanga orrhanen i stortrøya si!
Det gufsar trolsk frå Fallet i Tjyvåa – særleg viss segna talar sant ...
Frå markagarden Trodalen kjem segna om dei to gjetarjentene som mista livet i Tjyvåfossen (Fallet) – noko som i tradisjonen har gjeve elvanamnet ei spesiell tyding: Elva «stal» dei to jentene ...
I villaste Brattkleppen vart småjenta Brit fira ned og berga geita som hadde klive seg fast. Og i hennar barndom var det enno bar på Byt-tolla, som markerte grensa mellom kyrkjesokna Halsa og Stangvik. Ein anekdote fortel at rindalingar på båttur tok pause under berget attmed Kleppen. Sjøen flødde, og mastra tok oppunder hammaren. – No forstår eg ittnå, ropa ein av dei. – Enten så veks ho mastra, ell så sig ‘n, hammaren!
Kven var dei?
Tufter etter husmannsplassane Kleppnausta og Garnbindarneset dukka fram – før kjente og ukjente fjes på diverse gruppebilete samla interessa. Her var familiefoto frå Snekkvika, Kalset, Bøgeilen og Flessa, barnelag og skuleklassar.
Delvis som gjettekonkurranse «Kven var dette?» kom gamle profilar opp på lerretet. Han som Hyldbakk kalla «mirakelmannen», snikkaren Nils Sæterøy, har forresten mange etterkomarar i Bøfjorden. Han vart berømt fordi han (med tomtynner) heva den nedsokne dampen «Nordmør» i 1864 og elles flytta heile hus, ja – endatil ei kyrkje – på eiga hand!
«Norges eldste kvinne» i si tid, Guro Grøtan (1849-1955) var også settemsdaling. Eit talande foto viste henne som 102-åring på veg for å besøkje kjenslafolk i Betna – til fots. Tur-retur vart det halvanna mil i gummistøvler ...
Tun, town, ski og kvalfangst
Gardane rundt tunet i Settemsdalen danna reine mellomalderlandsbyen før utskiftinga i 1938. Sigurd Solem (95) visste namn og funksjon for kvar einaste bygning. Filolog Gunnvald Bøe tolka den språklege samanhengen mellom slike «tun» og engelsk «town». Gjennom Settemsdalen kom også Hans Nielsen Hauge sommaren 1799 og møtte gjetartausa frå Sollia oppe på Snømyra.
Rindalingen Sigurd Røen fekk Hitlers Ærespris i Garmisch-Partenkirchen i 1937, same år som han vann VM i både kombinert og stafett i Chamonix. Av alle slike Hitler-prisar gjekk berre to til ikkje-tyskarar, til Sigurd Røen og Torvald Heggem – begge frå Rindalen!
Rindalen var representert med skifenomenet Sigurd Røen. Han vart dobbel verdensmester - i stafett og kombinert - i 1937. Same året fekk han sjølvaste Hitlers Ærespris!
Mannskap på kvalkokeriet «Thorshavet» vinteren 1961-62. Dei tre i andre rekkje er Harry Kallset (frå venstre), Fredrik Garthe og Sigurd Bøklep. Nummer 2 ståande er Leiv L. Bævre (Furuhaug). Resten er ukjende.
Vinteren 1961-62 var fire åsskardbyggjer mannskap på kvalkokeriet «Thorshavet». Og Nordmøre Impregnering på 1950-talet hadde andre arbeidsmetodar enn dagens oppfølgjar Talgø-MøreTre!
Nordmøre Impregnering like etter starten i 1951. Vi kjenner att disponent Erling Neergård (t.v.), John Gravvold (nr. 2) og Bastian Settem (nr. 3). Desse stokkane er skava med handjarn!
Magnar Aasgård (1926-1963, frå Trøa) på besøk hos diktaren Johan Falkberget i august 1963.
Falkberget og Skrivseth
Små og større hendingar frå gamle dagar vart trekte fram. Slik også besøket som Magnar Aasgård og andre åsskardbygger gjorde hos Johan Falkberget på Røros i 1963. Magnar arbeidde for Tidens Krav og intervjua den store forfattaren. Dessverre vart den unge journalisten sjuk og døde like etterpå. Men intervjuet var oppteke på lydband og vart trykt i TK ved 100-årsjubileet for Falkberget i 1979.
Nygifte Johan Holm og Tomina Staknes «foreviga» av fotograf Jacob Skrivseth (Skrøvset) i Hillboro i Nord-Dakota. Han hadde utvandra saman med familien i 1870, 18 år gammel.
Blant perlene i serien var bryllaupsbiletet av Tomine Staknes og første mannen hennar, Johan Holm. Dei utvandra til Amerika og gifta seg der rundt 1900. Fotografen heitte Jacob Larsen Skrivseth – også han utvandra bøfjording, frå Skrøvset. (Johan døde like etter bryllaupet, før sønnen Johan d.y. vart fødd. Tomina og guten reiste da heim att til Bøfjorden. Der vart ho gift med Ludvik Bøe og busett i Settemsgeilen.)
Og enno har laget tjukke album med historie - nok til å fylle mange komande temadagar
Skuleklasse på Sjøheim midt på 1960-talet. Fremst frå venstre Eli Bævre, Oddlaug Bævre, Torunn Bjørnbakk, Beate Solem, Aud Jorunn Sollid og Øydis Snekvik. Andre rekkja: Gunnvald Bøe, Sigmund Gravvold, lærar Olav Joli, Sverre Egil Bæverfjord og Harry Settem. Bak: Arthur Rosvoll, Inge Dønheim, Kjell Sættem, Lars Garthe, Jarle Foss og Sverre Sæther.
Bernt G. Bøe