Picasa

Stangvik kyrkje laurdag 15.desember kl.21:00

«Tonar Julenatt» i Stangvik

Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene - i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid: 21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.

 

Pianisten Hedda Hansen Berg og songstudentar frå Konservatoriet i Trondheim har sette saman eit variert program med både kjente julemelodiar og klassiske perler med same bakgrunn. Dei syng både saman og kvar for seg. Og som det høver seg i Stangvik-kyrkja, opnar det heile med «Julverset» slik folketonesamlaren Edvard Bræin skreiv ned og arrangerte det.


 

Dei same songarane – men da litt fleire – gledde mange med eit storslått og inderleg juleprogram i Øye-kyrkja i fjor. Bøfjordingen Sigrid Vetleseter Bøe – nyleg ferdig med Vox-konsert i Stangvik, Messias-oppsetting i Kvernes og Kristiansund og ensemblekonsert i Nidarosdomen – har invitert med seg songvennene Mildred Røthe, Anne Brigitte Røkke og Maria Nohr og surnadalsjenta Hedda (piano) til å servere juleperler i hovudkyrkja vår.


 

Stunda i Stangvik er samtidig kyrkjelydens «Vi syng jula inn». Dermed skal også orgelet klinge og allsongen tone – forhåpentleg fulltonande frå mange i benkene.


 

Soknerådet ved Berit Anne Røkkum legg opp til at også kyrkjerommet skal «kle» mottoet «Tonar Julenatt». Korleis – det vil ein oppleve ved å ta turen dit. Konfirmantjentene Ingrid, Ragnhild, Kristine og Solveig er konsert-vertar og sel billettar ved inngangen.


 


Pianisten Hedda Hansen Berg (t.v.) og sopranen Sigrid Vetleseter Bøe gler seg til ny konsert på heimlege trakter. Biletet er teke etter VOX-konserten i same kyrkja for eit par veker sia.


 

Bernt G. Bøe