Tørsåsløa i strålande aprilsol
Ekstra mange barn og vaksne hadde funne vegen til Tørsåsløa på den årlege Tørsåslødagen i det fine veret vi fekk denne søndagen. Sokneprest Lene Gåsvatn leda sportsgudstenesta støtta av Thomas Monrad Erlandsen på trekkspell og Elsa Jensvold som tekstlesar.
Inne i Tørsåsløa pressa dugnadsgjengen bakels, koka kaffi og vermte pølser på spreng til publikum. Speaker Åge heldt oss orienterte om tilbuda både ute og inne.
Skileiken i bakken ved Tørsåsløa hadde utfordringar både i slalåm og fleire hoppbakkar. Lengdene var markerte i snøen med spaymaling. Ved spretthoppen hadde dei markert til 8 meter, men der måtte dei plusse på til 10 etter kvart. Stor morro både for deltakarar og publikum i det solrike veret, mesta heilt utan vind.
Eit utearrangement i slik ver måtte bli vellukka.
Thomas Monrad Erlandsen samlinga med preludium, etter at ein i god folkekyrkjestil hadde venta på dei som ein visste var på veg.
Lene Gåsvatn leda sportsgudstenesta.
Mange gode minne og historier vart delt i aprilsola denne søndagen!
Langt i sør kneisa stolte Snota!
I spretthoppen viste mange kva sprett er! Mange luftige svev, det lengste bortimot 10 langt!