Todalen FAU 310518 foto Elinor Bolme

Todalen.no:

Todalen treng (små)folk

FAU ved Todalen skule inviterte onsdag kveld alle foreldre med barn i skulepliktig alder til møte om framtida. Fleire meinte at Surnadal kommune no må ta ansvar og tilretteleggje for vekst og utbygging av tomter i Todalen, slik som på Kvanne og Nordvik. Avstemming viste at eit klart fleirtal av foreldra vil fortsatt ha skule i bygda.

Leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, orienterte om kva som skjer vidare i saka om utredningsrapporten for Todalen skule, som skal leggjast fram for kommunestyret den 13. september.

 

På leiting etter tomter og bustader

Forsamlinga var enige i at oppvekstsenteret og Todalen heilt enkelt treng tilflytting av barnefamiliar. Fleire meinte derfor at Surnadal kommune no må ta ansvar og tilretteleggje for vekst og utbygging av tomter i Todalen, og det vart kommentert at lokalbedrifta Talgø kanskje burde på banen når det gjeld bustader til tilflyttarar. Ei gruppe blir samtidig sett ned for å kartlegge alle potensielle bustader for leige eller sal.

Les meir på todalen.no.

 

Foto: todalen.no/Elinor Bolme