Lite_valglogo_gull_nynorsk(1)

Tidlegrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet

Surnadal kommune informerer om at du allereie frå i dag, fredag 1. juli, kan avgje røyst til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Høve til å røyste gjelde alle veljarar både innanriks og utanriks. Dei som ikkje har høve til å røyste innanfor den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen, kan frå 1. juli til 9. august avgje tidligrøyst. I Surnadal kommune kan ein vende seg til sørviskontoret ved kommunehuset i opningstida måndag til og med fredag kl. 08.00 til kl. 15.30.

Kommunen gjer merksam på at dei ordinære røystesetlane ikkje vil vere klare på dette tidspunktet, slik at det berre er råd å levere reine partirøyster - utan mulegheit til å påverke kva for kandidatar som skal veljast.

Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal røyste!

Valstyret i Surnadal har godkjent listeforslag frå sju parti i samband med kommunestyrevalet til hausten. Listene er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Surnadal kommunehus, Surnadal folkebibliotek og på kommunen si heimeside.

Følgjande parti har fått godkjent listene sine:

Det norske Arbeiderparti, Høyre, Senterpartiet, Venstre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti