Surnadal kommunevåpen

Tid for Gründercamp

Surnadal kommune vil også i år utfordre bedrifter, organisasjonar og kommunale einingar i Surnadal om å melde seg med idear/prosjekt/utfordringar som elevane kan bruke som case under årets gründercamp 7.-10. april.

 

Gründercamp er eit program med fokus på kreativitet og nyskaping. I programmet gjennomfører elevane ein gründercamp der dei får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal presentere ei løysing på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir gjeve av ei bedrift eller organisasjon frå privat eller offentleg sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper og presenterer løysingane for ein jury, som kårar ein vinner ut ifrå gitte kriteria.

 

Samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv er sentralt i ein gründercamp. Den eksterne oppdragsgjevaren gir elevane den bakgrunnsinformasjonen dei treng for å løyse utfordringa dei får presentert. Gruppa må samarbeide om å finne fram til den mest innovative løysinga. Tilbod om rettleiing undervegs i prosessen aukar elevanes læringsutbytte.  

 

Kva oppnår bedrifta med Gründercamp?

•Arbeids- og næringslivsspørsmål settes på dagsordenen.

•Positiv profilering i nærmiljøet.

•Profilering overfor potensiell framtidig arbeidskraft.

•Tilsettes motivasjon aukar når dei bidreg inn i skulen. I tillegg er det svært lærerikt å møte ungdom i ein skulesituasjon.

•Bedriften viser samfunnsansvar.

•Bedrifta er med i ein kreativ prosess som kan gje inspirasjon til eigen utvikling.

 

Elevane vil i stor grad arbeide sjølvstendig, men treng ein kontaktperson/mentor i bedrifta som dei kan drøfta oppgåva med. Vi trur  fleire sit inne med utfordringar og oppgåver som det ville vore spennande og fått belyst frå ein undomeleg, kreativ synsvinkel.

 

Eit utval av fjorårets prosjekt:

Øye og Skei Barnehage: Kva for digital kompetanse bør barna ha når dei sluttar i barnehagen, og kva må barnehagen gjere for sikre at barna har slik kompetanse?

SIV Industriinkubator AS: Korleis utvikle lokale matopplevingar og gjere dei til lønsam investering.

Amfi Kreativ AS: Hvordan skal Amfisentra kunne appellere mer til ungdommen enn de gjør i dag?

Svorka Aksess AS: Utarbeide ei teknisk serverløysing for LAN, samt lage eit opplegg for leie av løysinga.

 

Ta kontakt med Harald Bredesen: harald.bredesen@surnadal.kommune.no eller tlf. 913 78178.