Teoretisk og praktisk tru.
Det skal vanskeleg gjerast å tileigne seg teoretisk tru utan at det får fylgjer. Skillet mellom teori og praksis er langt på veg en fiks idè. Slik vil me òg håpe det blir for foreldre, faddarar og heile kyrkjelyden når me skal ta vår del av jobben med dåpsborna i Rindal kyrkje av 21.04.13: Eline Haltli Røen og Ida Storholt har krav på sitt av omsorg og forbøn. Me skal lære dei å be og lære dei å bruke Guds ord og vera med i den heilage nattverd slik at dei kan leva og vekse i den kristne trua. Utgangspunktet for preika finn me i forteljinga om Filip og den etiopiske hoffmannen. Preika og bilde frå gudstenesta nedafor!
Preike Rindal kyrkje 21.04.13.
Me har to jenter her i kyrkja som har vorte døypt i dag. Fyrst Eline og så Ida har fått vant i håret og beskjed om at dei høyrer til hjå Jesus frå no og for alltid.
Kor mykje forstår dei av det dei har vore med på? Ikkje kan dei hugse dåpsdagen utan at det blir fotografert og fortalt. Og ikkje kan dei vel gjera seg noko særleg nytte av dåpen om ikkje foreldre, fadderar og heile kyrkjelyden skjerpar seg skikkeleg og syner omsorg gjennom å fortelja kva det går ut på å vera Guds barn.
Korleis skal foreldre, fadderar og heile menigheita kunne fortelja desse jentene at dei er Guds barn?
Skal det vera teori eller skal det vera praksis? Ja, eg vil på det sterkaste påstå at teoretisk kjennskap til Jesus og kristen tru er betre enn ingen kjennskap til Jesus og kristen tru.
Og samtidig: De som er foreldre og fadderar og me som er menigheit gjer jobben vår best om me lever som me lærer.
Vil de at borna skal få det beste som nokon kan gje, så lat dei få det! Lat dei få vita at Jesus er bestevenn – og vis sjølv at du treng Jesus som din venn. Be du for fadderbarnet ditt – og gjer det gjerne i lag med henne du er fadder for. Les i Bibelen sjølv og snakk med fadderbarnet ditt om kva som står der. Vær du den som kjem i kyrkja med fadderbarnet ditt, og ta sjølv imot den nattverden som blir bydd dykk. Ta sjølv imot det du har fadderansvaret for å gje vidare!
Me har høyrt lese det stykket i Apostelgjerningane som har fått overskrifta Filip og den Etiopiske hoffmannen. Det var litt av ein kar, denne hoffmannen som har til jobb å passe på skattkammeret til Kandake, dronninga i Etiopia.
Så ordnar Den Hellige Ånd opp i saker og ting så ein knapt kan fylgja med. Filip får beskjed om å halde seg nær vogna der hoffmannen sit og les, og då spring han avgarde. Hoffmannen sit og les høgt frå Det Gamle Testamentet.
Og veit de: Han som er så høgt oppe i alle system at han er hoffmann, sjølv ikkje han forstår bæret! Han forstår ikkje noko av det han les, når han les om ein som er snill som eit lam.
Men Filip kan forklare. Og han fortel om Jesus og forklarer om Jesus så det bers direkte til døyping. Korleis det gjekk? Historia har ein merkeleg slutt.
Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.
Hoffmannen har lese på noko han ikkje forsod. Filip kunne forklare og fortelja om Jesus. Hoffmannen blir døypt. Og så kjem Herrens Ande og tek med seg Filip. Men det gjer ikkje noko for hoffmannen. Han fèr glad heim.
Eg vil håpe at me alle, gjennom det me er med på i gudstenesten i dag, kan få med oss noko frå kyrkja som me er glade for å ha fått.
Me kan gle oss over Ordet og salmane. Me kan fryde oss over borna i alle aldrar, - om det er dåpsborn frå januar og februar 2013, eller det er andre born. Me kan ta imot velsignelse og nattverd. Og kanskje ser me det – uansett om me er små eller vaksne eller gamle: Me kan ta imot Jesus.
Kan Eline og Ida ta imot Jesus, kan me òg gjera det. Kunne den etiopiske hoffmannen reise glad heim frå møtet med Filip og ordet om Jesus og dåpen – så kan me gjera det òg.
Gud velsigne oss alle i den store gåva me har fått i Jesus Kristus. Gud velsigne oss alle i den store jobben me har fått med å gjera Jesu gjerning her me er. Amen.
Preiketekst 21.04.13.
Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen som fører frå Jerusalem til Gaza.» Dette er ei aud strekning.Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Då fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hos Kandake, dronninga i Etiopia. No hadde han vore i Jerusalem for å tilbe. Han var på veg heim og sat i vogna si og las frå profeten Jesaja. Då sa Anden til Filip: «Gå bort og hald deg attmed den vogna.» Filip sprang dit bort og høyrde at han las frå profeten Jesaja. «Skjønar du det du les?» spurde han. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip koma opp og setja seg ved sida av han. Det stykket i Skrifta som han las, var dette:
Lik ein sau dei fører til slakting,
lik eit lam som teier når det blir klipt,
lét han ikkje opp sin munn.
Då han var fornedra,
vart dommen over han bortteken.
Kven kan fortelja om hans ætt?
For livet hans er rykt bort frå jorda.
Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?» Då tok Filip til orde. Han begynte med dette skriftordet og forkynte evangeliet om Jesus for han. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Sjå, her er vatn. Kva er til hinder for at eg blir døypt?»*«Trur du av heile ditt hjarte, så kan det gjerast», sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son», svara han.• Så lét han vogna stansa, og dei steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han. Då dei steig opp av vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.
Apg 8,26-39
6-åringane fekk 6-årsbok og song ilag med barnekoret Salt og Pepper
Ida Storholt med prest, foreldre og fadrar
Eilin Haltli Røen med prest, foreldre og fadrar
Foto: OleT