Temakveld om Trønderbataljonen
Helge Husby samla mange bøfjordingar da Åsskard Bygdekvinnelag inviterte han til å kåsere om Trønderbataljonen og slaget i Gratangen våren 1940.
Bildet over: Jon Heitmann (t.v.) vaks opp i Finnmark under krigen og fortalte Helge Husby at faren var Falstad-fange. (Foto: Bernt G. Bøe)
Fakta om krigen er felles historie og grunnlag for bevissthet om hendingar også i vår tid. Kulturmannen Helge Husby tegnar nære og respektfulle portrett av unge gutar som vart utkommanderte til nøytralitetsvakt og krigskampar i 1940. Fleire av dei kom aldri heim att.
Gjennom gode foto og muntleg foredrag viste Husby stor kunnskap om nordmørske soldatar ved russegrensa i Finnmark vinteren 1940 og i slaget i Gratangsbotn den 25. april. Dei tilhøyrde den såkalla Trønderbataljonen.
Verste slaget i Norge
Forsamlinga var nok mest interessert i den gripande framstillinga av skjebnedøgnet 24-25. april 1940. I forferdeleg ver tok soldatane seg over Fjordbotneidet og ned i Gratangsbotn. Somme var så frosne at dei ikkje kunne snakke saman. Delvis overnatta dei i uthus og låvar. Morgonen etter stod det verste slaget på norsk jord under krigen.
Kommunikasjonen mellom Trønderbataljonen og Altabataljonen var så vanskeleg at dei ikkje visste heilt av kvarandre. Det er mykje truleg at nordmenn av den grunn fall for norske kuler.
34 norske mista livet. 64 vart såra, og 180 tekne til fange av tyskerane. Blant dei falne i slaget var Lars Lesund og Kristian Vingsnes frå Aure, Arthur Øren og Hans A. Orset frå Gjemnes, Albert Romfog og Birger Honstad frå Kristiansund, Fredrik Eikrem og Erling Rød frå noverande Tingvoll, Rolf Schjølberg og Johan Hommelhaug frå Smøla, Ivar Røsand frå Bremsnes og Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden. Hallvard Røen frå Kvanne døde av skader på sjukehuset i Harstad fem dagar seinare.
Frå noverande Surnadal kommune deltok i tillegg rundt 20 mann.
Kule gjennom skuldra
Helge Husby har gjort eit stort arbeid med studium av rapportar, fotosamling og ikkje minst samtalar med folk i Gratangen, Nordmøre og Trøndelag. I si bok «Slaget i Gratangsbotn» gir han tette og gripande skildringar av dramaet. Mykje av dette fortalte han også muntleg under besøket i Bøfjorden.
Ein av krigsveteranane, Johannes Røsdal, kjende han godt frå sin eigen oppvekst på Gyl. – I badstua kunne vi gutane sjå arra etter den tyske kula som gjekk gjennom skuldra hans, fortalte Helge. Johannes tok vare på ein del effekter frå krigen – m.a. sundskote bestikk, kuler han fann i ryggsekken og Nytestamentet han hadde med seg. Helge viste også eit brev der Johannes skreiv at den vesle dottera Anna Elisabet skulle få testamentet dersom han omkom i krigen.
Den kjende tømmermålaren, skiløparen og krigsveteranen Johannes Røsdal fotografert av Knut Olav Raen dagen før han døde. Innramma er m.a. minnenotat frå krigen, ei skot-skadd skei og seks kuler han fann i sekken sin. Nytestamentet har også si eiga historie. (Fotoeigar: Helge Husby)
I Nytestamentet hadde Johannes Røsdal lagt dette brevet til den vesle dottera si: «Dersom eg fell i striden for Norge, og dette testamentet finst att, er det ønskje mitt at du Anne Elisabet får det, til minne om far. - Ombord på «Prins Olav» den 17.-20. april 1940. Johs. Røsdal» (Foto frå lerretet under Helge Husby sitt biletkåseri.)
Sterkt inntrykk
At den 22-årige bøfjordingen Gunnar Bøe (frå Olastua) vart skoten på veg ut frå ein låve ved Moan, der han hadde overnatta, har alltid gjort sterkt inntrykk på sambygdingane hans. Slik også denne gongen – når Husby viste foto av kvar det skjedde.
Mot Moan i Gratangen i 1944. På låvebrua framfor pilen mot høgre fall Gunnar P. Bøe. Innfelt: Soldaten og låven som står i dag. (Denne fotografert av Øyvind Magnor Bøe).
Foredragshaldaren fekk da også ros for kunnskapen han formidla så overbevisande. Frå salen tok Jon Heitmann ordet. Han er frå Finnmark og hugsa krigen – m.a. at faren vart teken til fange av tyskerane og hamna i Falstad-leiren.
Helge Husby arbeider no saman med folk frå Gratangen om ei ny og fyldigare bok der hendingane i Gratangen blir framstilt i full breidde.
Tre av soldatane frå Nordmøre: Frå venstre Edvard Aasbø (Halsa, seinare Bøfjorden), Louis Skarseth (Kristiansund) og Jon Holte (Rindal).
Kompani 3 (med blant andre Gunnar P. Bøe) låg i denne bivuakken på Fjordbotneidet under framrykkinga til Gratangsbotn. I det harde veret fraus dei ille. (Frå lerretet)
Innsendt av Bernt G. Bøe