
Teknisk konsulent Sølvi Irene Fuglås
Sølvi Irene Fuglås er teknisk konsulent ved avdeling for bygg og miljø i Surnadal kommune. “Det er eigentleg eit anna namn for potet”, ler Sølvi når vi spør kva ein teknisk konsulent eigentleg arbeider med. Ho jobbar likevel mest med matrikkel og bygningar, og legg til rette for at arbeid med bygg og eigedommar skal bli lettare i framtida, både for det offentlege og for grunneigarane sjølve.
Trollheimsporten sett stor pris på medlemmane sine, og ønskjer å gi noko tilbake. I sommar begynte vi å presentere dei forskjellige kontora på kommunehuset i Surnadal. Det vil vi fortsette med no utover hausten.
"Matrikkel” er eit sentralt begrep i jobben til Sølvi, og det er nok ein god del innbyggarar som ikkje veit kva matrikkelen er. Sølvi forklarer at det er eit landsdekkjande register over alle gards- og bruksnummer, altså grunneigedommar, alle bygningar på eigedommane, adresser og også eigarane av desse eigedommane. Matrikkelen er eigentleg ikkje noko nytt, forklarar Sølvi, og viser til at den tradisjonelt også er bruka i samband med både bygdebøker og skylddelingar. Når det er gitt byggeløyve til eit nybygg, tilbygg eller riving, er det Sølvi som tek over saka og melder bygget inn i matrikkelen. Alle opplysningar om bygget blir da lagt inn i det elektroniske registeret. Dette er blitt gjort sidan 1980. I tillegg fortel Sølvi at kommunen også arbeider med å få eldre dokumentasjon over på det elektroniske systemet. Tre halvdagar for veka sitt ho saman med Lillian Gravvold i arkivet og klargjer saker for skanning. Desse sakene strekkjer seg tilbake til 1965. Saker som er enda eldre enn det, er allereie overflytta til eit arkiv i Ålesund. Målet med skanninga er at både saksbehandlarar i det offentlege og folk sjølve lettare kan halde oversikt over sine omsøkte bygningar. Tanken er at du som huseigar i framtida skal kunne gå inn på “Min side” og få opp alle opplysningar om eigen eigedom og bygningane på han. Dette vil gjera det lettare om du til dømes planlegg tilbygg på bustaden eller hytta, forklarer Sølvi.
Sjølv om hovuddelen av arbeidet til Sølvi er på avdeling for bygg og miljø, jobbar ho også i 20% stilling for kommunalteknikk. Mellom anna hentar også Hamos opplysningar frå matrikkelen, og derfor er det naturleg at det er nettopp Sølvi som får med dei å gjera. I matrikkelen står det til dømes registrert om ein bygning er hus eller hytte, men er desse opplysningane feil, kan det føre til at det blir feil avgift for renovasjon. Da er det Sølvi som må kontaktast av grunneigar for å få retta opp dette.
Dersom du har lyst til å jobbe med slike saker som Sølvi held på med, går vegen i dag mellom anna gjennom teknisk fagskule eller høgskule. Sjølv gjekk ho på “Kart og oppmåling” ved Gauldal v.g. skole, der elevane innimellom ei svært praktisk retta 3-årig utdanning også hadde innbaka eitt års praksis. Før ho kom til Surnadal arbeidde Sølvi i seks år med kart- og oppmålingsarbeid på Tustna og i 15 år i Rindal. No har ho vore snart 5 år her i Surnadal, og det er tydeleg at ho gløder for jobben sin. “Eg ser nytten i det systemet vi held på med, og håpar at fleire vil bruke det etter kvart”, seier ho.
Trollheimsportens medlemsrulett har tidlegare skrive om:
Ungdomskonsulent Lars Sæther
Matrikkelførar Ingard Fugelsøy
Surnadals miljørådgjevar Bodil Gjeldnes
Leiar for avdeling Bygg og Miljø Svein Halsetrønning
Brannsjef Tor Arne Moen
Ordførar Mons Otnes
Kommunalsjef Inge Skogheim
Plankonsulent Råg Ranes
Avdelingsleiar for kommunalteknikk Terje Forberg
Avdelingsleiar for eigedom Olav Rønning
Interkommunal barnevernsteneste
Kommunalsjef for oppvekst Astrid Mogstad Høivik
Rådmann Geir Vikan
Psykiatrisk sjukepleiar Anita Faksnes Melkild