Teatret Vårt Hunden

Teatret Vårt treff publikum heime

Interessa for Teatret Vårt si framsyning «Det merkelege som hende med hunden den natta» har vore enorm. Framsyninga har spela for stort sett fulle hus sidan premieren, så langt har 1500 publikumarar sett framsyninga i Molde. 16. mars kjem hunden og gjengen til Surnadal kulturhus.

«Det merkelege som hende med hunden den natta» byggjer på bestselgaren av Mark Haddon. Boka er elska av folk i alle aldrar, og dramatiseringa av Simon Stephens vart ein stor suksess i London kor den framleis blir spela for fulle hus. No sett Teatret Vårt opp stykket i si eiga utgåve og spelar teksten som Jon Fosse så vakkert har oversett til nynorsk.

Pressen har gitt framsyninga gode kritikkar der varmen i dei personlege relasjonane er trekt fram. Framsyninga har mange sterke skodespelarprestasjonar og særleg Axel Gehrken Bøyum (kjent frå tv-serien «Øyevitne») har fått store lovord:

"Bøyum er berre 19 år gamal og har inga formell teaterutdanning, men gjer her ein scenedebut det vil gå gjetord om i lang tid framover. Ei særs krevjande rolle med uendeleg mye tekst blir formidla så intenst, levande, sjarmerande og profesjonelt at her snakkar vi om eit skodespelartalent av dei heilt sjeldne" (Amund Grimstad i Klassekampen). Romsdals Budstikke ga terningkast seks i sin kritikk av framsyninga.

 

Førehandssalet på turne er varierande, men salsleiar ved Teatret Vårt Solveig Mordal Vågen har stor tro på at denne framsyninga blir godt besøkt også rundt om i fylket. Framsyninga kjem på turné på Nordmøre og besøker Surnadal kulturhus og Sunndal kulturhus i midten av mars.

 

Tekst og foto: Teatret Vårt