Tap i første treningskamp
Surnadal sine fotballherrar låg under 0-3 heime mot Orkla 2 halvvegs i årets første treningskamp, og trass ein god andreomgang enda det med 1-3-tap. – Det var mykje vi kan vere fornøgde med her, seier trenar Webjørn Holten. To rindalingar spelte kampen for Orkla.
Fredag kveld tok Surnadal imot Orkla 2 til dyst på Amfi Park.
Medan Surnadal i fjor vart nummer fire i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal, enda Orkla på tredjeplass i 4. divisjon i Trøndelag.
Og det vart tidleg tydeleg at det var sterk motstand som stod på motsett banehalvdel for surnadalingane denne fredagskvelden.
Surnadal starta bra, men etter 11 minutt gjekk bortelaget opp i føringa då Orkla heldt trykket oppe etter eit hjørnespark, og Henrik Rian på nydeleg vis skrudde ballen nesten heilt opp i det høgre krysset omtrent frå det venstre hjørnet av 16-meteren.
Etter målet tok bortelaget over, og litt før halvspelt omgang hadde Orkla ei avslutning som gjekk tverrliggar-ned. Heldigvis for heimelaget fekk dei avverga utan at ballen passerte målstreken. Surnadal hadde og sine sjansar, og både Vegar Brøske, Sindre Fiske og Tore Bæverfjord kunne fiksa nettkjenning for blåtrøyene i første omgang.
I staden auka Orkla leiinga si då Surnadal glapp markeringa og Espen Staveli heada eit frispark i mål. Då var det spelt 27 minutt.
Webjørn Holten sitt mannskap kjempa seg deretter meir inn igjen i kampen, og skaffa seg fleire hjørnespark, men fekk ikkje uttelling.
Det gjorde derimot Orkla med det siste sparket på ballen før pause. Som dei to første scoringane kom også 0-3-målet etter dødball. Eit frispark frå venstre vart klarert ut i returrommet, der Jørgen Krogstad tok rennefart og dunka til frå 18-19 meter. Ingen surnadalingar rakk ut i press, og dermed fauk ballen ned i det venstre hjørnet og sørgde for 0-3 ved pause.
Jamn andreomgang
Ved pause bytta Surnadal nesten heile laget, og i starten av den andre omgangen pressa Orkla heimelaget bakover på bana. Surnadal var samtidig svært farlege på kontringar, med stor fart i form av spesielt Frikk Hauglann Talgø og Sindre Fiske. Sistnemnde er tilbake i blått etter ein sesong i Kristiansund BK.
Eit kvarter ut i den andre omgangen trudde nok dei fleste relativt kalde tilskodarane på Syltøran at det var duka for redusering, då ein god Frikk Hauglann Talgø tråkla seg inn i 16-meteren og fekk lobba over keeper frå kort hald. Ein forsvarar nådde ballen før den passerte streken, men returen sendte Amen Gebrehiwet Hailu mot Orkla-målet.
Denne gongen fekk keeper med nød og neppe avverga, og på retur nummer to ropte surnadalingane på straffespark då dei meinte Talgø vart hindra - uten å få gehør hos dommar Bendik Haarberg.
Utover i omgangen var det merkbart mindre trøkk i bortelaget, og Surnadal fekk betre tid med ballen. Det førte til ein jamn siste halvtime, der Surnadal skulle få det einaste målet.
Petros Simon Bokre kombinerte fint med Stein Todalshaug før han sendte avgårde eit langskot frå bortimot 25 meter. Ballen enda i nettmaskene nede i det venstre hjørnet, og dermed stod det plutseleg 1-3.
Steinar Heggset var nær ny redusering då Surnadal spelte seg til sitt niande hjørnespark for dagen. Ved første stolpe prøvde han seg på ein frekk hælflikk, og avslutninga strauk motsatt stong og gjekk like utanfor.
Nærare enn dette, samt eit nytt langskot frå Petros Simon Bokre, kom ikkje surnadalingane, og dermed enda kampen med 1-3 og Orkla-seier. Dette til stor glede for rindalingane Daniel Hagen Eide og Steinar Møller, som begge var i aksjon for bortelaget.
Eide starta på høgrekanten, og spelte der om lag ein time før han vart bytta ut. Ti minutt før full tid kom han på bana igjen, då som høgreback. Steinar Møller, som på papiret framleis er Rindal IL-spelar, fekk den siste halvtimen som venstreback. Begge gjorde sakene sine bra.
Godt fornøgd trenar
Surnadal-trenar Webjørn Holten var godt fornøgd etter årets første gjennomkøyring.
– Mykje av det vi viser i dag er bra. Sjølv om vi ikkje klarer å presetere jamt bra gjennom heile kampen, har vi periodar vi er veldig fornøgde med. Vi startar bra, så er vi svake dei 20 minutta etter at dei scorar det første målet. Så klarar vi å kjempe oss inn igjen i kampen inn mot pause, og andre omgang er stort sett jamn, seier Holten og fortsett:
– Sjølv om vi må innsjå at Orkla nok tok foten litt av gasspedalen mot slutten av kampen tek vi med oss at vi vinn andre omgang.
Holten trekkjer fram indreløpar Petros Simon Bokre som Surnadal sin bestemann, og gjev og litt ekstra ros til Sindre Hyldbakk Kvande og Tore Bæverfjord.
– Eg kunne trekt fram mange her i dag, for vi møter eit kjempegodt lag og bit godt frå oss i det som er den første treningskampen vår i år, seier Surnadal-trenaren.
Håkon Sæther, som tidlegare har spelt både junior- og B-lagsfotball for Surnadal, fekk A-lagsdebuten sin mot Orkla 2 fredag.
Allereie laurdag er det klart for ny treningskamp for surnadalingane. Då ventar Kvass/Ulvungen, også det heime på Amfi Park.
Kampfakta:
Surnadal-Orkla 2 1-3 (0-3)
Mål:
0-1 Henrik Rian (11.)
0-2 Espen Løfshus Staveli (27.)
0-3 Jørgen Krogstad (45.)
1-3 Petros Simon Bokre (80.)
Gult kort: Sander Smevoll, Surnadal.
Surnadal stilte slik, frå høgre mot venstre (4-3-3):
Mattis Fiske
Håkon Sæther (Ola Øyen Saltrø 46. min)
Knut Ola Høvik (Lars Mogstad 46. min)
Ørjan Nes Haugen (Steinar Heggset 46. min)
Tore Bæverfjord
Petros Simon Bokre (Stein Todalshaug 46. min)
Sander Smevoll (Geir Bævre 46. min)
Sindre Hyldbakk Kvande (Petros Simon Bokre 65. min)
Frikk Hauglann Talgø (Erlend Halset Ulvestad 65. min)
Vegar Brøske (Amen Gebrehiwet Hailu 46. min)
Sindre Fiske (Bjarne Østbø 65. min)
Rindalingane Steinar Møller og Daniel Hagen Eide kunne juble for seier borte mot Surnadal fredag kveld - ei flott bursdagsgåve til Eide, som fylte 19 år fredag.
Vegar Brøske vart flytta opp som spiss mot slutten av 2018-sesongen, og kvitterte med å score i alle kampane etterpå. Han starta som midtspiss og mot Orkla 2, men denne gongen vart det ikkje nettsus på Surnadal-kapteinen.
Frikk Hauglann Talgø skapte store problem for Orkla-forsvaret med sin enorme fart og styrke.