Tap for SIL mot Averøykameratene
Surnadal IL sitt herrelag møtte lørdag Averøykameratene (AK). Den første halvtimen var jamspelt. Så pressa AK hardt, men keeper Eystein Meese varta opp med eit par klasseredningar. Etter byttet spela for øvrig Ola Øyen Saltrø høgreback, medan Lars Mogstad spela høgrekant.
Ola Øyen Saltrø måtte inn i det 26. min for Erik Kvendset Andersen, som dessverre måtte gi seg.
Etter 38 min vart det 1-0 til AK ved Christoffer Folland.
Etter 42 min vart det 1-1 ved Knut Ola Høvik! Den spelande trenaren utlikna etter assistanse frå Håkon Bredesen. Bredesen slår frispark, som Høvik stussar i nettet.
AK auka til 2-1 etter 54 min ved Hudaifa Cedra.
Etter 58 min kom Frikk Hauglann Talgø inn for Hampus Hoem.
Christoffer Folland scora på straffe til 3-1 for AK etter 70 min.
Petros Simon Bokre gjekk inn til sin A-lagsdebut for Surnadal etter 80 min!
Ut gjekk Knut Ola Høvik.
82 min: Odd Egil Undlien inn for Hallvard Næss.
Stein Todalshaug og Felix Hoem er ute på grunn av henhaldsvis skade og sjukdom, medan Sindre Fiske dessverre er langtidsskada. Geir Bævre fekk sitt tredje gule kort for sesongen mot Eide/Omegn sist og sonar karantene i dag. Bævre scora for øvrig eitt mål og hadde fire (!) målgjevande for B-laget då dei slo Frei 2 5-3 torsdag.
Kampen enda 4 – 1 til Averøykameratene etter at Folland tok sitt tredje mål for dagen.
(Referat etter SIL Fotball si Facebookside)