Ta vel imot bøsseberarane
Tysdag kveld 19. mars får du besøk! Da går konfirmantane dør-til-dør med fastebøssa for Kirkens Nødhjelp. Det har du sett fleire oppslag om på Trollheimsporten i det siste. Blir det samla inn like mykje som i fjor? Les meir om aksjonen lenger nede på hovedsida og nedafor her!
Fasteaksjonen er ein årviss dugnad for å skape betre kår for mange som treng det. Kirkens Nødhjelp har tiltak i over 30 land. Det er ein effektriv organisasjon med gode samarbeidspartnarar. Difor gjer pengane mykje av seg.
For ein 1000-lapp kan ein landsby få varig vassforsyning! For 100 kroner blir det femti nødrasjonar med mat! Det er ei kjempemessig livbergingsaksjon konfirmantane - og alle gjevarar! - er med på denne kvelden.
Fredag var det samling av konfirmantar og foreldre med besøk frå Kirkens Nødhjelp. Der fekk ein innblikk i arbeidet og ikkje minst i resultat som blir oppnådd.
Eit ungt team - Bruno frå Brasil, Maureen frå Kenya og Ingvild frå Bergen - skapte ein fengslande kveld som verkeleg inspirerte. Her kan du sjå nokre bilete derifrå.
Mellom anna sketsjen der Surnadals-konfirmantane Jonas (frå høgre), Eskil, Andreas, Victoria og Vilde synte kor urettferdig kaffe-handelen kan vera.
Maureen delte ut godteri på same urettferdige måte som med ressursane i verda - mange posar til dei 5 som sat ved eitt bord, ein pose på deling til 50-60 ved andre bord. Ingvild viste plansjar og film som var gripande.
Kvart sokn i både Rindal og Surnadal har innsamling tysdag kveld. Konfirmantane (og andre) vil besøke alle heimar.
La dei lykkast!
Tekst/Foto: Bernt G. Bøe