Husmøte - Kulturvøkku 2014
Ta fortida med inn i framtida
Anne Lise Landrø opna husmøtet på Løsetstøggu med den gamle, franske kjærleiksvisa «Plaisir d'amour», ein mjuk start på det spenstige temaet: «Fra Eiffeltårnet til gammelstuggu».
Det var Anne Lise og Jostein Landrø frå Berkåk som var gjestane i Løsetlånna på Rindal skimuseum denne søndagskvelden. Husmøte har vore tradisjon på museet under Kulturvøkku i over 20 år, og også denne kvelden var støggu omtrent akkurat full.
- Det er lurt å bryte opp, sa Anne Lise. Etter å ha jobba i skulen og på Mjuklia i mange år, pensjonerte ho og Jostein seg og tok eit engasjement ved Sjømannskirka i Paris. Det eine året vart til to. Dei måtte ha eit år der dei brukte det dei hadde lært første året.
Vi fekk skildra skilnaden på Paris og Berkåk/Rindal med fleire historier frå både Jostein og Anne Lise. Dei hadde opplevd mykje desse to åra, og dei hadde fått gjort mykje.
Anne Lise kunne fransk frå før og ønska å praktisere det, medan ungdommar som snakka med ho ville snakke engelsk. Jostein var sterkast i rennbøggdialekt, men kunne litt engelsk. Han greidde i alle fall å kjøpe slangeklemmer på ein slags «Clas Olson»-butikk utan å kunne fransk med ekspeditør som ikkje snakka engelsk.
Visste du forresten at Eiffeltårnet blir måla med Jotunmåling med jamne mellomrom, og at dei som er inne i ei rundkjøring har vikeplikt for dei som vil inn i rundkjøringa?
Ei anna trafikkal utfordring var det å komme seg rett ut av rundkjøringa med 16 filer rundt Triumfbuen.
Jostein konsentrerte seg elles i innlegget sitt om tidsbilder og erfaringar frå samlinga han har hatt i Gammelstuggu på Mjuklia. Han er opptatt av at vi ikkje vrakar for mykje av fortida. - Dæm va heldig, sa einebarnet med eige soverom, når han høyrde fortalt om kor mange barn som måtte dele soverom før i tida.
Ingen hadde hast med å gå heim frå Løsetlånna denne trivelege kvelden.
Tekst: OleT
Foto: Johan Helgetun