Syfest på Mo
Denne helga er det sytreff i Surnadal. 30 damer frå Inderøy til Ålesundstraktene er samla på Mo Oppvekstsenter der Trollheimen Sysenter med Ildri Tørset og Ida Melling Bolme tok imot dei.
Aldri har det vore samla så mange sydamer (for det var berre damer) i eitt rom i Surnadal, og heller aldri så mange symaskiner! Dei hadde med seg symaskiner, og ein hadde med seg 4 maskiner!
Det betyr at ei symaskin er ikkje berre ei symaskin. Dei hadde broderimaskiner, overlock-, cover- og vanlege symaskiner!
Det var berre 5 lokale deltakarar, men det blir sjanse seinare.
Damene møtte opp fredag ettermiddag. 10-12 deltakarar overnatta i klasserom, resten privat eller på hotellet. Dei fortalte at den siste slutta å sy i to-tida!
Damene på sysenteret fortalte at dette ikkje var sykurs. Det var sytreff! Det betyr at alle hjelper alle og inspirerer kvarandre.
-Vi har det kjøle trivele, seier Ildri Tørset.
Minibuss står klar til å kjøre ned til butikken, og det har vore fleire turar nedover for å supplering av sysaker og stoff.
- Sytreff har vorte populært rundt om i landet. Derfor fekk vi lyst til å prøve her også, sa Ildri og Ida. Det er ingen grunn til å tru at det blir det siste.
Matserveringa var ordna på Mo, men der hadde arrangørane sikra seg gode medhjelparar. Det såg ut til at deltakarane var svært godt fornøgde med serveringa.
- Forferdele, sa Wenche frå Skogn – GOD, understreka ho!
På sytreff lærer vi nye triks og deler erfaring og stoff, utstyr og maskiner, fortalde deltakarane, som var frå 21 til 68 år.
Fleire av deltakarane har vore på treff andre stader i landet. Dei var svært godt fornøgde med dette treffet, lokalitetane og tilrettelegginga.
Inger frå Verdal:
-Jo billegare vi bur, di meir kan vi bruke på stoff! (tøy – red.kom.)
Randi Østbø har laga denne fotballgenseren til tanteguten sin, og Randi Sund frå Klæbu skal gje desse Shine-tøflane til Ulla, dottera.
Shine-tøflane.
Fleire produkt som alt var ferdige.
Ann Karin Svensli har programmert broderimaskina til å brodere dette bildet av dattera si, Hanne. Ho må berre hjelpe maskina med å skifte tråd. Sjå maskina i arbeid nedafor!
Det var visst ei bokser under produksjon, men dette var nok det lekraste produktet, ein blonde-BH!
Eli Malvik frå Tornes (singel) poserer i denne buksedrakta som ho har laga.
Arrangørane legg til at folk er velkomne innom Mo Oppvekstsenter for å sjå kva som foregår fram til kl.18.00 søndag. Kanskje du melder deg på neste treff!
I mellomtida kan du besøke butikken til Trollheimen sysenter i Miljøgata på Skei, eller nettbutikken deira! Adressa ser du også på ryggen av denne T-skjorta dei har laga.
Trollheimen Sysenter er medlem av Trollheimsporten.