Rindal IL fotball:
Surt heimetap
Heimelaget Rindal fekk besøk av KIL/Hemne 2 på Skogsletta måndag kveld, og i flott spelevèr og mykje knott, fekk Morten Møllers disiplar det tøft mot gjestane frå Hemne.
Kampen opna med eit overtak til gjestane som kom seg til fleire sjansar dei første ti minutta og det var ikkje ufortent at bortelaget gjekk opp til 0 - 1. Hemnespissen fekk stå aldeles upressa og nikka inn leiing bak ein, for kvelden, god Stian Grytbakk i buret. Etter dette jobba dei kvitkledde seg inn i kampen att og produserte fleire gode sjansar utan at det blei nettkjenning. Den største hadde Martin B. Fjerstad, som dribla seg gjennom det som var av forsvararar og skaut bra, men Hemnes burvaktar fekk slått ballen utanfor. Men heilt på tampen av første omgang fekk heimelaget endeleg nettsus; Vebjørn T. Bævre dribla av backen og sette ballen i nota til 1 - 1! Det såg lyst ut for andre omgang!
Men heimelaget fall kraftig i andre omgang og allereie etter eit kvarters spel hadde dei grønstripa frå Hemne sett ballen i mål to gonger, utan at heimelaget hadde evna å skapa noko særleg. Verre vart det då KIL/Hemne gjekk opp til 1 - 4 etter halvtimen. Stygge siffer til tross, heimelaget heva seg mot slutten av kampen og det var fortent då heimelagets klart bestemann, Martin B. Fjerstad, sette inn reduseringa snaue ti minutt før slutt. Unge Fjerstad var ikkje snauare at han reduserte nok eingong på eit nydeleg hodestøt og spenninga var tilbake i kampen! Heimelaget pressa på, men til tross for fleire tildels store sjansar så vart det ikkje fleire mål og det vart eit surt 3 - 4 tap.
Rindal - KIL/ Hemne 2 3 - 4
Rindals lag: Stian Grytbakk, Martin B. Fjerstad, Edvard B. Fjerstad, Jørgen Gjerstad, Jostein Landsem,Håkon S. Mikkelsen, Jo T. Bævre, Vebjørn T. Bævre, Harald F. Røen, Roy Bolme, Sander L. Kattem. Benytta innbyttarar: Jøran Heggem
Heimelagets klart besteman, Martin B. Fjerstad set inn ei takling.
Jørgen Gjerstad ragar høgt!
Sander L.Kattem er i gjennom, men mål vart det ikkje denne gongen.
Her set Martin B. Fjerstad inn reduseringa til 2 - 4.