Zafar Anjum

Surnadal vgs mistar vg1 bygg- og anleggsteknikk

Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i møte 22. mars å ikkje starte opp vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Surnadal vidaregåande skole kommande skoleår. 

Årsaka til vedtaket er at det kun var 7 primærsøkjarar ( 4 av dei med ungdomsrett) som hadde søkt seg til vg1 bygg- og anleggsteknikk på Surnadal vgs når søknadsfristen gjekk ut 1. mars. Det er for lite til å kunne starte opp ein klasse. 

 Trollheimsporten skreiv dette om saka tidlegare i år.

Vedtak i Utdanningsutvalet - 22.03.2018
Desse tilboda blir ikkje sett i gang skoleåret 2018-2019:


Fræna vgs:
Vg1 bygg og anleggsteknikk
Vg2 byggteknikk
Vg1 studiespesialisering, internasjonal
Gjermundnes vgs:
Vg2 industriteknologi
Herøy vgs, avd. Vanylven:
Vg1 helse og oppvekstfag
Kristiansund vgs:
Vg1 kunst, design og arkitektur
Vg2 brønnteknikk
Vg3 dataelektronikerfaget
Rauma vgs:
Vg1 restaurant og matfag
Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg2 automatisering
Romsdal vgs:
Vg2 klima, energi og miljøteknikk
Vg2 interiør og utstillingsdesign
Stranda vgs:
Vg1 restaurant og matfag
Vg1 teknikk og industriell produksjon
Sunndal vgs:
Vg2 industriteknologi
Surnadal vgs:
Vg1 bygg og anleggsteknikk
Sykkylven vgs:
Vg1 design og handverk
Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
Ørsta vgs:
Vg2 blomsterdekoratør
Ålesund vgs:
Vg2 reiseliv

Du kan lese heile møteprotokollen her