Sp miljødag 1 - Kopi_1024x807

Surnadal Sp markerer verdas miljødag

Surnadal senterparti og Surnadal senterungdom skal laurdag 8. juni markere verdas miljødag. Dagen er eigentleg den 5. juni, men lokale senterpartilag over heile landet skal ha ulike former for markeringar på laurdag. Me skal ha stand ved Domus frå kl. 12:00. Der skal me ha utdeling av miljøtips, sal av pengebøker i bruka kartong og ein miljøquiz.
Me i Senterpartiet meiner det er viktig å ta vare på miljøet, slik at dei som kjem etter oss får moglegheita til å ta over ein frisk og velfungerande planet, fortel Sondre Ormset, leiar i Surnadal Senterungdom.

Sp miljødag 2.pngSondre Ormset fortel vidare:
Me får ofte høyre at me er bondepartiet, og det er me stolte av. Noreg treng eit parti som er villig til å ta kampen for levande bygder og for lanbruk i heile landet, men med dei klimaendringane me no ser er det ikkje sikkert at det blir mogleg med landbruk slik me har vore vant til.

Forskarar meiner at miljøendringane fører med seg meir ekstremvêr. Det kan me sjå døme på fleire stader i landet. Uvanleg mykje nedbør på austlandet, isbrann her og jamt over sein våronn i heile landet som følgje av uvanleg sein vår. Det går hardt utover landbruket og er ein særs god grunn for å at vare på miljøet.

Med auka matbehov på verdsbasis har me ikkje råd til å øydeleggje grunnlaget me har for å produsere mat.

Det er viktig at me tek vare på naturen rundt oss, men me skal ikkje verne alt. Det er riktigare å verne gjennom bruk enn å verne mot bruk.

Då kan me utvikle Noreg og halde liv i heile landet samstundes som me tek vare på naturen.

Mvh Sondre Ormset
Leiar Surnadal Senterungdom
Politisk nestleiar Møre og Romsdal Senterungdom

Sp miljødag 1.jpg