SnytåX2_1024x683

Surnadal satsar på friluftsliv

Stimerkingsprosjektet på Nordvik er del av eit større satsingsprosjekt på friluftsliv i Surnadal kommune. Det er nemleg betydelege summar med kommunale kroner å hente for lag og organisasjonar som vil registrere, merke og skilte ulike typar turar. Dette gjeld ikkje berre idrettslag, men også andre interesserte organisasjonar som til dømes grende- og historielag.

SnytåX2_715x477.jpg

Ulik skilting for sommar og vinter når du skal til Åsbøsnytå. Alle foto: Surnadal kommune

Formannskapet i Surnadal vedtok i fjor å løyve 280.00 kroner til registrering, merking og skilting av turar i kommunen over ein treårsperiode. Kommunen ønskjer at ikkje berre fotturar, men også turar for ski, sykling og padling skal registrerast og merkast.

Registrering av turar skal skje gjennom ”Morotur”, som er ein nettstad for Møre og Romsdal fylkeskommune. På denne nettstaden finn ein faktaopplysningar om ulike turar, slik at ein kan finne fram til turen som passar for seg. Her er det også innlagt GPS-filer av traseane, slik at det er muleg å skrive ut turen på kart. Eit hovudføremål med denne registreringa er å gjera turar som allereie eksisterer, og som også ofte er merka frå før, kjent for folk flest.

Lag og organisasjonar kan motta 500 kroner per registrert tur på www.morotur.no frå kommunen- for opptil 10 turar per lag. Det blir da kravd at ein skal registrere tre grøne, tre blå og tre raude turar, pluss ein valfri. Fargene viser til gradering av turstiane etter nasjonal standard. I tillegg kan same lag eller organisasjon få tilsvarande støtte for anten sykkel-, ski- eller padleturar, altså 20 turar totalt. Føresetnaden er altså at turane først må leggjast ut på og vera godkjent av ”Morotur”.

Surnadal kommune ønskjer også at det skal vera turtilbod i alle delar av kommunen, og går derfor inn og støttar merking og skilting av inntil to turar i kvar grend med 5000 kroner per tur. Det er da rekna med åtte grender i kommunen: Todalen, Nordvik, Stangvik, Nedre Surnadal, Øvre Surnadal, Nordmarka, Bæverfjord og Bøfjorden. Eit vilkår for støtte er at nasjonal standard for skilting og merking blir følgd, at parkeringsforhold er avklara og at skriftlege avtalar med grunneigar er på plass.

Surnadal kommune er no også i gang med å oppdatere og trykkje opp att det populære, gamle Friluftskartet frå 2006. På grunn av kapasiteten hos trykkeriet, får dei likevel dessverre ikkje utgitt kartet før til hausten.

Åsbøen_715x477.jpg

Du får eit litt anna perspektiv når du er på tur: Her Åsbøen sett frå Snytå.