Surnadal Pensjonistlag på busstur til Smøla

Torsdag 28. mai kl. 8.50 starta 38 deltakarar turen frå Kulturhuset på Skei, med Olav Jostein Holten som turleiar og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I lettskya vårvêr ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10 som planlagt.

1.JPG
Sjåfør Sverre Kjølstad og turleiar Olav Jostein Holten er klare til start frå Surnadal Kulturhus.
 

Frå Arasvika går turen over Ertvågøya, og på bortsida av Foldfjorden kan vi sjå garden til eksordførar, no pensjonist, Knut Bårdset. I fjor var det han som var kjentmann på pensjonistturen vår til Aure og Kyrksæterøra.

Over til Edøya får vi skyss med bilferga Edøyfjord, ei ny og fin ferge. Komne på land bli vi møtt av Kjell Brende, som blir kjentmann på rundturen på Smøla. 

2.JPG
Om bord i bilferga Edøyfjord møter vi Kystekspressen Terningen, som går  i rute mellom Trondheim og Kristiansund. Turen til Kristiansund tek ½ time og til Trondheim 2 ½ time.

3.JPG
Oppi salongen finn vi ma. Bitten og Kristian Ranes saman med Petra Bredesen (i midten)


No ber det til Myrmusèet på Frostadheia. Vi gjer oss god tid, sprettar nistepakkane våre og går rundt og får sjå om nydyrking og bureising her ute først på 1900-talet.

4.JPG
På myrmusèet på Frostadheia smakar det godt med niste og ein ”kaffetår”.

5.JPG
Kjell Brende fortel at først på 1900-talet vart Det norske myrselskap og Ny jord stifta. Dei hadde fokus retta mot nydyrking og bureising for å avgrensa utvandringa til Amerika. Av dei 3000-4000 slike bruk i landet, finn vi 36 på Smøla. På alle bruk fekk dei ein startkapital så dei kunne koma i gang med husbygging. Her står dei framom ein modell av eit typisk bureisingsbruk på Smøla.

6.JPG
Men ikkje alle hadde råd til slike ”luksuriøse” bygningar som modellen viser. Her må ein familie greia seg med ein enkel jordgamme.
 

Middagen, saltfiskball,  tek vi på Havkroa på Veidholmen, og avsluttar med ein rundtur til  det nordlegaste punktet i Møre og Romsdal på nordspissen av øya.

7.JPG
Frå middagen på Havkroa.

8.JPG
Frå middagen på Havkroa.

9.JPG
Sigrun Ørsal og Mali Sæther framom Feskarkjerringa.

10.JPG
Frå Veidholmen ser vi ut mot Haugjela fyr. Fyret kan leigast ut til og har plass til 8 overnattingsgjestar.

11.JPG
Utsikt utover mot holmar og skjer.
 

Vi avsluttar turen på Smøla med ein tur innom Edøy gamle kyrkje.

12.JPG
Per Halse fortel om Edøy gamle kyrkje. Oppunder taket heng ein modell av ein seglbåt, ein liknande modell som den som heng i Mo kyrkje i Surnadal.


Attende på Skei er vi i 7-tida.

Takk til turleiar Olav Jostein Holten, sjåfør Sverre Kjølstad, kjentmann på Smøla, Kjell Brende, omvisar i Edøy kyrkje, Per Halse og alle andre som var med på turen.  


Minner om stavgang og Stikk UT-tur søndag den 7. juni kl 13.00 i Svinvika.

 

Tekst og foto: Vidar Sogge