o

Surnadal Pensjonistlag på busstur til Aure.

Tysdag 27. mai kl. 9.00 startar turen frå Kulturhuset på Skei, med Olav Jostein Holten som turleiar og Sverre Kjølstad som stødig sjåfør. I fint vårvêr og 20 varmegrader ber det utover mot Halsa, og vi når ferga på Hendset kl. 10, ein halv time tidlegare enn planlagt. I Arasvika stig guiden Knut Bårdset om bord.

På vegen utover fortel den lokalkjende og munnrappe eksordføraren om plassar og folk i heimeområdet sitt, heilt til vi gjer ein stopp ved Aure kyrkje med etterfølgjande kaffepause. Vi avsluttar opphaldet i Aure sentrum med ein tur oppom Aure Opptreningssenter.

Frå Aure køyrer  vi vegen opp til Brekka, den bratte rulleskiløypa deltakarane i Toppidrettsveka må pina seg gjennom! Men for ein utsikt som møter oss her oppe!

Til slutt må vi rive oss laus frå den flotte Årvågsfjorden og køyra til neste stopp: middag på Kafe Koselig på Kyrksæterøra.

Heimturen går så om Vinjeøra, Rodalen, Valsøya og attende til Hendset, der fergeturen hadde starta tidlegare på dagen.

Attende på Skei er vi i 7 – 8-tida.

Takk til turleiar Olav Jostein Holten, sjåfør Sverre Kjølstad, guide Knut Bårdset og alle andre 42 som var med på turen.  

Minner om stavgang på Hamnes fredag 30. mai.

 

Tekst og foto: Vidar Sogge

 

Bilde frå turen:

Klikk på bilda for å gjere dei større, og sjå dei i serie.

a
Sjåfør Sverre Kjølstad framom bussen
b
I Arasvika
c
Guide på turen er Knut Bårdset
d
Knut Bårdset fortel om Aure kyrkje, ei flott korskyrkje bygd i 1924 etter at gammelkyrkja brann ned i 1922. Med sine 800 sitteplassar er ho den nest største kyrkja i fylket. Berre Molde Domkyrkje er størrre
e
Aure kyrkje. Dette gamle altarskåpet er eit vitnemål om at kyrkja har vore ei Maria-kyrkje. Skåpet er laga i Flandern i Belgia, og skriv seg frå 1460-åra
f
Kaffepause på Cafèen i Aure Kjøpesenter
h
Ved bordet sit Per og Bjørg Bruset, Sigrun Ørsal, Mali Sæther og Odd Enge
h
Grete Torvik, Martinus Torvik og Ingeborg Talgø
i
Mali Sæther og Gunnvor Sæter slappar av i skuggen av ei kjempestor bøk
j
Den flotte paviljongen ved Aure Opptreningssenter
k
Medan ein del stakk nedom den flotte hytta til Bodil og Johs. Vaag
l
– nytta andre høvet til å ta ein ”stavgangtur” vidare oppover vegen
m
Lisbet Ranes nyter den flotte utsikten utover fjorden
n
På Brekka seier Knut Bårdset takk for seg. Leiar på turen, Olav Jostein Holten, takkar Knut Bårdset for framifrå guiding ved å gje han blomster
o
Utsikt utover Årvågsfjorden
p
Utsikt utover Årvågsfjorden
q
Ellen Østbø, Aslaug Hunnes og Randi Sogge på Brekka
s
Aslaug Hunnes og Mali Sæther ser utover Årvågsfjorden
t
På veg inn til middag på Kafe Koselig på Kyrksæterøra
u
”Dagens” er lettsalta torsk og fiskball
v
Middag på Kafe Koselig
w
Hyggeleg betjening på Kafe Koselig