mons1 (3)_1024x1207

Surnadal på topp i omdømme

Surnadal er på topp når det gjeld omdømme på Nordmøre. Det viser ei undersøking som Sentio Research, med blant anna Bjørg Bruset i spissen, har gjennomført for kommunane i ORKide. Det var en godt fornøgd ordfører Mons Otnes som kunne legge fram undersøkinga for formannskapet i Surnadal tirsdag kveld.

Det var ein stolt ordførar Mons Otnes (til venstre) som kunne presentere omdømmeundersøkinga for formannskapet tirsdag kveld. - Vi skårar høgt når det gjeld frivillighet og attraktive arbeidsplassar. Dette var ei artig tilbakemelding, sa ordføraren og viste undersøkinga på powerpoint for formannskapet.

Etterpå fekk han applaus av representantane, som tykte det var triveleg. Powerpointpresentasjonen kan du sjå ved å klikke her.

- Denne omdømmeundersøkinga viser ein tendens på om vi er på rett kurs eller på feil kurs. Den viser korleis vi faktisk blir opplevd utad, sa Mons Otnes. 41 prosent har svart på undersøkinga som hadde 10 spørsmål om dei ulike tilboda i kommunane frå eldreomsorg til barn og unge, kulturtilbod og næringsliv.

- Vi kom altså på topp til slutt føre Sunndal, Smøla, Kristiansund og Rindal. I dette er det triveleg å sjå kva store kulturbegivenheter gir i omdømme, sa han og peika blant anna på Vårsøghelga i Surnadal, mens Kristiansund har operaen og Smøla har Guri frå Edøy. - Dette kan vi bite oss merke i sa Mons Otnes og gjekk gjennom kvart enkelt spørsmål, der Surnadal er blant dei beste i omdømme på det meste.

- Men dette er ikkje nokon konkurranse. Det viser tendensar på kva vi er god på og mindre god på, sa han.

I dagens formannskapsmøte i Rindal vart også denne undersøkinga nemnt. Konklusjonen var at dette var dei greit fornøgd med - altså ein femteplass alt i alt. Her vart det i tillegg vist til at det er kommunane som sliter får dårlegast utslag på omdømme.

Her ser du heile undersøkinga igjen.

TK nett har dette på omdømmeundersøkinga - Driva nett dette.