thumbnail_IMG_4132

Surnadal NTN Taekwon-Do-klubb satsar

Surnadal NTN Taekwon-Do-klubb har bestemt seg for å leie inn toppinstruktørar utanfrå kvar månad resten av året. I staden for å reise rundt med mykje folk på samlingar, vil dei leie inn sterke namn for å få ein boost for så mange som råd.

Over: Master Per Andresen (t.v.) hadde ei skikkeleg nerdetrening i mønster den 9. mai.

- Sjøl om vi har ein svært bra instruktørstab, er det også viktig at instruktørane får påfyll i sitt daglege virke. Klubben kan heve seg på alle nivå, og det er meir miljøvennleg og økonomisk for klubben å få folk hit enn å dra med mykje folk ut, seier hovudtrenar i klubben, Kjell Gunnar Polden.

HaraldPoldenogChristianOlsen_IMG_4065.jpg
Harald Polden underviste sparring i april

I april hadde klubben Harald Polden på sparringstrening. Han har vore på landlaget i mange år, og har teke mykje edelt metall både nasjonalt og internasjonalt.

Torsdag 9. mai var Master Per Andresen på mønstertrening, ei ordentleg nerdetrening. Han er ein legende i Taekwon-Do etter kvart. Høgt respektert i heile verda.

I juni kjem landlagstrenar Andreas Jenstad sammen med kona Gro Smenes.

- Vi har for tida verdens beste mønsterlag, så han har gjort mykje rett, meiner Polden. - Gro Smenes, som er frå Surnadal, er med i støtteapparatet rundt landslaget, og dei blir her med familen på ferie i pinsehelga. Da blir det alternativ pinsefeiring som avsluttar sesongen.

Allerede i månadsskiftet juli/august har Taekwon-Do-klubben sommarleir her, med ei rekkje med kjente namn på blokka som instruktørar. I løpet av tre leirar kjem det i tillegg eit tusental tilreisende.

I september får klubben Stephen Ryan, profilert landlagstrener frå Irland på besøk. Han har ikkje vore i Norge og har lyst til å besøke Surnadal som han har sett flotte bilde frå og høyrt mykje bra om. Han tok dei kontakt med på Open Dutch. 

Dei to siste er ikkje avklart enda, men det skal komme folk både i oktober og før jul. Alt i alt vil dette heve nivået og skape entusiasme og nysgjerrighet både hos dei som ønsker å hevde seg på topp i idretten, og for dei som er mosjonister eller med for det sosiale. Dei er det fleste av, men klubben ønsker også å gje topputøvarane noko ekstra.

- Med til historia høyrer at vi ønsker å delta på både NM og to internasjonale turneringar komande sesong, truleg Open Dutch i Holland og World Cup Slovenia, fortel Kjell Gunnar Polden.

Foto: Kjell Gunnar Polden