1. kvalifiseringsrunde i NM i fotball:
Surnadal møter Sunndal borte
Surnadal sine fotballherrar tek turen til Sande og Sunndal i 1. kvalifiseringsrunde til NM for menn. – Vi gler oss, seier trenar Webjørn Holten.
Tysdag offentleggjorde Norges Fotballforbund oppsettet for den første av to kvalifiseringsrundar til NM i fotball for herrar 2019.
Surnadal er blant laga som kvalifiserte seg gjennom ligaplasseringa i fjor, og no ventar bortekamp mot naborivalane Sunndal for Webjørn Holten sitt mannskap.
Holten er storfornøgd med oppsettet:
– Dette er eit fantastisk oppsett, det blir artig å møte dei. No når det ikkje blir seriekampar mot Sunndal i år, er det knallbra at vi får ein ordentleg kamp mot dei cupen. Vi gler oss, seier han.
Sunndal slo Surnadal i begge seriekampane i 2018, men i cupsamanheng har surnadalingane slått dei raudkledde naboane tre gonger på rad:
I 2014 vann Surnadal heile 5-0 heime på Amfi Park, medan det året etter vart 2-1-seier etter ekstraomgangar. I 2016 sikra to mål av Stein Todalshaug Surnadal avansement med 2-1-seier på bortebane.
I fjor spelte blåtrøyene heime mot Eide og omegn i første kvalifiseringsrunde, og den gongen enda det med 1-2-tap etter baklengsmål på overtid.
Andre kampar med lag frå 4. divisjon Nordmøre og Romsdal:
Emblem – Averøykameratene
Åndalsnes – Kristiansund FK
Sunndal – Surnadal
Tomrefjord – Eide/Omegn
Elles er det verdt å merke seg at Orkla tek imot Meldal på heimebane. Kampane i 1. kvalifiseringsrunde til NM skal spelast innan 24. mars.
Trykk her for å sjå heile oppsettet.
Surnadal Idrettslag er medlem av Trollheimsporten.