Surnadal med råsterk åpning på haustsesongen
Serieleiar KBK 2 kom på besøk til Syltøran stadion laurdag, men mål av Frikk Hauglann Talgø og Tore Næss i andre halvdel av andre omgang gav heimelaget 2-0-seier og tre poeng. – Vi spelar ein god kamp og vinn fortent, seier Surnadal-trenar Webjørn Holten.
(Ingressfoto: SÅ glade vart Frikk Hauglann Talgø og resten av Surnadal-spelarane etter 1-0-målet i det 70. minutt)
Laurdagens kamp mellom Surnadal og KBK 2 vart av det sjansefattige slaget, og særleg før pause glimra målsjansane med sitt fråvêr.
Surnadal starta godt, og var det førande laget i starten, før serieleiarane frå Kristiansund tok meir over mot slutten av omgangen.
Bortelaget stilte med dei tidlegare Surnadal- og Søya/Todalen-spelarane Kevin Anders Brusethaug (indreløpar) og Vegard Gjul (venstreback) frå start, i det som var ei ung KBK 2-utgåve utan førstelagsspelarar i troppen. Gjul og Brusethaug var for øvrig begge blant bortelaget sine beste spelarar.
Webjørn Holten og heimelaget stilte med ein sterk 18-mannstropp, sjølv med spelarar som Petros Simon Bokre, Stein Todalshaug, Steinar Heggset, Ola Øyen Saltrø, Håkon Sæther og Elvijs Jansons ute. Amen Gebrehiwet Hailu har flytta til Oslo, og vert dermed ståande med 31 obligatoriske kampar og 3 mål for blåtrøyene - i alle fall for denne gong.
Anna enn eit par hjørnespark til kvart av laga, var det lite å skrive heim om i dei første 45 minutta på Syltøran laurdag, og 0-0 var i grunn det einaste rette resultatet etter første omgang.
Innbyttarar endra kampbiletet
Ti minutt ut i andre omgang gjorde Surnadal-trenar Holten eit dobbeltbytte, då Bjørnar Dalsegg Sæter og Knut Ola Høvik kom inn. Tre minutt seinare entra og Frikk Hauglann Talgø banen, og desse grepa sette verkeleg fart i heimelaget.
Med Høvik inn saman med kaptein Vegar Brøske i midtforsvaret, gjekk Andreas Dalsegg Sæter opp frå stopparplass til den djupaste sentrale rolla på midten i Surnadal sin 4-3-3-formasjon. Yngstebror Dalsegg Sæter vart, med rette, kåra til Dagens Surnadal Sparebank SIL-gut - heimelagets beste spelar.
Etter drøye timen kom Surnadal nærare og nærare scoring, først ved Bjørnar Dalsegg Sæter frå skrått hald ute til venstre, deretter på skotforsøk frå Ingebrigt Løfaldli og Andreas Dalsegg Sæter.
Det var difor lite å seie på at surnadalingane tok leiinga etter 70 minutt. Frikk Hauglann Talgø starta på eit godt løp ute på høgrekanten, og Andreas Dalsegg Sæter løfta ballen i bakrom like presist som far Arne i glansdagane.
Hauglann Talgø tok ballen med seg rett mot mål med ei god og lang første berøring, og todalingen trilla deretter ballen flott under keeper og ned i venstre hjørne frå skrått hald. Ei nydeleg pasning, eit nydeleg medtak og ei botnsolid avslutning.
20-åringen jubla hemningslaust for si første scoring for sesongen, etter mange nesten-forsøk tidlegare i år.
– Det var altså så godt å sjå kula gå inn i hjørnet, sa Talgø etter kampen.
– Eg tenkte på (tidlegare A-lagsspelar og assistenttrenar, journ.anm.) Espen Vraalsen, som brukar å seie at det berre er å "dunke'n i kassa", og i dag gjorde eg det!
Talgø-turboen avgjerande
Sjølv etter 1-0-scoringa til Talgø, sleit serieleiarane frå ballbyen med å skape sjansar. Dei ropte på straffespark då Sander Aakvik Lille-Løvø, som tidlegare har spelt Norway Cup for Surnadal IL, gjekk i bakken. Her kunne det kanskje sjå ut som om gjestane hadde ei god sak, men kampens gode dommar Bendik Haarberg frå Kvass/Ulvungen vinka spelet vidare.
Og stort nærare enn nokre gode raid og eit frispark-forsøk frå Lille-Løvø kom ikkje KBK, for kampens andre og siste mål small og inn bak bortelagets keeper, sunndalingen Johannes Grimelid.
Først var Tore Bæverfjord nær scoring då han klinka ballen over frå skrått hold inne i feltet, så var Frikk Hauglann Talgø på ferde igjen. Han fossa fram, og tross eit susande taklingsforsøk frå tidlegare Søya/Todalen-kollega Vegard Gjul, forserte hurtigtoget inn i KBKs 16-meter, ute til høgre.
Der spelte han inn til Tore Næss, som fekk kontroll på ballen og drog seg fri. Avslutninga sette den tidlegare KBK 2-kapteinen kontant i nota, heilt nede i venstre hjørne. Dermed stod det 2-0 og 90 minutt på kampuret.
Dommaren blåste av kort tid etter, og Næss fekk dermed ei perfekt avslutning på sommaren, før han måndag reiser til Florida og ein ny sesong med collegefotball.
– Ja, det der må vel vere ein grei måte å avslutte på, smilte Næss etter kampen, vel vitande om at hans første A-lagsmål for Surnadal, i kamp 29, hadde sikra tre poeng mot gamle lagkameratar.
Målscorarane, Tore Næss (t.v.) og Frikk Hauglann Talgø.
God og brei tropp
Surnadal-trenar Webjørn Holten var storfornøgd etter seieren.
– I dag spelar vi ein god kamp, og vinn fortent. Det tykkjer eg verkeleg. Er vi snille har dei kanskje ein målsjanse, medan vi vel har fire, minst. Vi startar godt, før vi slepp oss ned og har ein svak periode mot slutten av første omgang. I andre omgang tykkjer eg vi er det beste laget, rett og slett, seier han.
Holten var, i tillegg til å rose innbyttarane Bjørnar Dalsegg Sæter, Frikk Hauglann Talgø og Knut Ola Høvik, oppteken av å trekkje fram grovjobben som vart gjort før pause.
– Vi skal ikkje gløyme at dei som gjekk ut, Erik Kvendset Andersen, Sindre Fiske og Geir Bævre, gjorde ein knallgod jobb den første snaue timen. Dei la eit kjempegodt grunnlag for dei som kom inn, og Bjørnar, Frikk og Knut Ola kom inn og leverte til dei grader.
– I tillegg er det artig med Viljar Fiske Kvande (16), som kjem inn som indreløpar dei ti siste minutta mot serieleiaren, og spelar veldig bra. Når vi ser kor godt vi presterer i dag, og veit kva spelarar vi i tillegg manglar, ser vi at vi har ein veldig god og brei tropp. Det er kamp om plassane, og vi har mange som kan komme inn og gjere ein god jobb for laget, seier Holten.
Med seieren passerte Surnadal Malmefjorden på tabellen, og laget ligg no på femteplass. Neste kamp for Surnadal er borte mot serietrear Eide og Omegn førstkomande fredag.
Tabellen for 4. divisjon Nordmøre og Romsdal ser du her.
Kampfakta:
Surnadal-Kristiansund BK 2 2-0 (0-0)
Mål:
1-0 Frikk Hauglann Talgø (70. min)
2-0 Tore Næss (90. min)
Gule kort: Vegar Brøske, Surnadal. Noah Solskjær, KBK 2.
Surnadal sitt lag, frå høgre mot venstre (4-3-3):
Mattis Fiske
Lars Mogstad
Andreas Dalsegg Sæter
Vegar Brøske (kaptein)
Tore Bæverfjord
Tore Næss
Geir Bævre (Knut Ola Høvik inn i 55. min)
Ingebrigt Løfaldli (Viljar Fiske Kvande inn i 80. min)
Sindre Fiske (Frikk Hauglann Talgø inn i 58. min)
Sander Smevoll
Erik Kvendset Andersen (Bjørnar Dalsegg Sæter inn i 55. min)