malmefjorden jubel7

Fotballforbundet bekreftar:

Surnadal med i NM 2019

Dei 260 laga som får delta i fotball-NM for herrar neste sesong er no bekrefta, og Surnadal er blant laga som er med.

Norges Fotballforbund (NFF) har laga ei oversikt over kva fotballklubbar som får delta i NM i 2019.

Totalt 260 lag er med, av desse skal 176 starte ferda mot finale på Ullevål stadion i 1. kvalifiseringsrunde. Blant desse 176 finn vi Surnadal, som kvalifiserte seg fordi dei vart nummer fire i 4. divisjon i 2018. 

Frå Nordmøre og Romsdal fotballkrets er Molde, Kristiansund BK og Træff direktekvalifisert til 1. ordinære runde, medan Sunndal, Eide og omegn, Tomrefjord, Åndalsnes, Averøykameratene, KFK og altså Surnadal er laga som går inn i kvalifiseringa. Det betyr at topp sju frå 2018-sesongen i 4.divisjon Nordmøre og Romsdal får prøve seg NM-kvalifiseringa neste år.

I fjor fekk Surnadal heimekamp mot Eide og omegn i 1. kvalifiseringa. Den enda med 1-2-tap, etter at gjestane scora på overtid. Både i 2014 og 2015 kom blåtrøyene seg vidare frå begge kvalifiseringsrundane og til 1. ordinære runde. Der vart det tap for henhaldsvis Molde (0-9 i 2014) og Kristiansund BK (0-5 i 2015).

– Det er alltid artig å vere med i cupen. Fleire gonger har vi greidd å komme til 1. runde, og då er det duka for fest på Syltøran. Er vi gode nok, og litt heldige, kan det bety ny kamp mot Molde eller Kristiansund BK på heimebane. Også økonomisk kan det utgjere eit stort bidrag til klubbkassa, men først må vi komme oss gjennom kvalifiseringsrundane, seier sportsleg leiar i Surnadal IL Fotball, Terje Polden.

Trøndelag har 27 lag med, og Rosenborg, Ranheim, Levanger, Nardo, Stjørdals-Blink, Byåsen, Tiller og Verdal går rett inn i første runde. Blant dei 19 laga som skal spele kvalifisering er mellom anna Orkla og Meldal. 

 

Trykk her for å sjå alle dei 260 laga som får delta i fotball-NM for herrar i 2019.

NM-kvalik.JPG
I 2018 var Eide og omegn Surnadal sin motstandar i 1. kvalifiseringsrunde til NM. Det er no bekrefta at Surnadal får delta i NM i 2019 óg. (Arkivbilete)