Surnadal-låt slår an i Brasil

Den utflytta surnadalingen Helge Gravvold er ein rutinert musikar som har gjeve ut fleire CD-ar. No har han starta eit nytt prosjekt der Bjørn Tore Brøske, også utflytta surnadaling, er med og skriv nynorske tekstar til rockelåtane. Surnadal-låta slår an i Brasil. Her er det Bjørn Tore Brøske skriv om suksessen.

Helge Gravvold_690x690.jpg

Helge Gravvold

I løpet av året kjem det CD, og to singlar er så langt gitt ut digitalt og som musikkvideoar på YouTube. Begge har gått bra, men det er særleg den nyaste - «Utan filter» - som har fått mykje oppmerksomheit.

På berre éin månad er YouTube-videoen til «Utan filter» sett over 6200 gonger, og det som er litt spesielt, er at låta har slått an i Brasil! Svært mange brasilianarar har likt Helge Gravvold si artistside på Facebook, og i tillegg har altså «Utan filter»-låta fatt mange likerklikk, spelingar og delingar. Fleire har dessutan bedt om å få teksten oversatt til portugisisk – og det har vi gjort, og lagt den ut på Facebook så folk kan lese den.

Mottakinga har også vore bra i Tyskland, og vi har fått respons fra Italia, Sverige, Mexico m.fl.

Nøyaktig kva som er årsaka, veit vi ikkje – men vi håpar sjølvsagt at det er fordi folk rett og slett likar den gode rockelåta «Utan filter»!  YouTube, Spotify o.l. har dessutan gjort det muleg å spre musikk over heile verda. Så det vi trur, er at nokon har «fanga opp» låta og delt den - og så har ryktet gått. Og vi må vel kunne slå fast at det er ikkje kvar dag at ei låt med nynorsk tekst blir spela i Brasil.

 

Her er YouTube-linken til «Utan filter»:

https://www.youtube.com/watch?v=Ctc1UzUS-nw

        

Helge Gravvold si artistside på Facebookhttps://www.facebook.com/helge.gravvold/?fref=ts

 

Tekst og foto innsendt av Bjørn Tore Brøske.

Brøske_690x914.jpg

Bjørn Tore Brøske