reidar brøske og mons otnes_550x310

Surnadal kommune og Surnadal Røde Kors inngjekk beredskapsavtale

Surnadal kommune og Surnadal Røde Kors var vel nøgd med å formalisere sitt samarbeid om beredskap. Avtalen vart skreve under torsdag 2.mai. Hensikten med avtalen er å bidra til eit avklart samarbeidsforhold og god samhandling i beredskapsarbeidet til beste for kommunens innbyggjarar og dei som oppheld seg i kommunen. Foto: Surnadal kommune

Dette inneber samarbeid i beredskapsarbeidet før, under og etter ekstraordinære hendingar og krisar.

I avtalen ligg blant anna at kommunen årleg skal bidra med p.t. kr 30000 som økonomisk kompensasjon for Surnadal Røde Kors sin beredskap og deltaking under hendingar eller krisar. Surnadal Røde Kors har systematisk bygd seg opp med omsyn til kompetanse og utstyr. Som eksempel på dette er 20 medlemmar av korpset godkjente livreddarar. Avtalen gjeld dog ikkje krisar/ulykkar som blir beordra av politiet/AMK-sentralen, kor desse koplar inn SRK sitt hjelpekorps ved behov.

Leiar i Surnadal Røde Kors, Reidar Brøske, seier at den avtalen som er inngått skapar ei gjensidig forplikting og solidaritetskjensle og roser kommunen for engasjement og velvilje.
Kommunen ser avtalen som ei stor beriking. Det blir stadig fleire område der kommunen og Surnadal Røde Kors kan samhandle når det gjeld hendingar og krisar. Som sist vinter, der SRK deltok med vassutdeling under frostperioden, seier ordførar Mons Otnes.

I landet finst berre 6 - 7 slike avtalar frå før, og både ordførar Mons Otnes og leiar i SRK Reidar Brøske oppmodar andre kommunar og RK-lag til å følgje eksemplet.

Det skriv Surnadal kommune på si heimeside www.surnadal.kommune.no

reidar brøske og mons otnes_550x310.jpg