Surnadal knuste Røros
Laurdag møttest fjerdedivisjonslaga til Surnadal og Røros til treningskamp på Tempebanen i Trondheim. Røros tok leiinga, men Surnadal slo hardt tilbake og vann til slutt 6-1, etter mål av Sindre Fiske (2), Sander Smevoll, Frikk Hauglann Talgø, Ola Heggset og debutant Viljar Fiske Kvande.
Ingressfoto: Dagens debutantar, Vegard Dønnem (f.v.), Elvijs Jansons og Viljar Fiske Kvande. Foto: Terje Polden, Surnadal IL Fotball.
Surnadal sitt A-lag i fotball er denne helga i Trondheim på treningssamling. Etter ei treningsøkt fredag kveld var det laurdag klart for treningskamp mot Røros på Tempebanen.
Røros er, som Surnadal, eit 4. divisjonslag, og i fjor enda dei på 10. plass i si avdeling. I same avdeling spelte Orkla 2, som surnadalingane tapte 1-3 mot i sin første treningskamp for året, og sjølv om Orkla vart nummer tre og Røros nummer 10, skilte ikkje meir enn åtte poeng mellom dei to laga, som vann eitt innbyrdes oppgjer kvar i 2018.
Ifølge Surnadal IL Fotball si Facebook-side, starta Surnadal godt mot Røros, men laget frå bergstaden tok over initiativet etter snaue ti minutt. Etter 11 minutt tok rørosingane og leiinga ved Georg Rugelbak etter eit hjørnespark.
17 minutt ut i kampen skaut Ola Heggset i stolpen for Surnadal, som og fekk ei scoring annullert då Frikk Hauglann Talgø sette ballen i mål etter om lag ein halvtimes spel.
Berre minuttet seinare var det likevel duka for utlikning. Petros Simon Bokre spelte Sander Smevoll gjennom åleine med keeper, og fjorårets Surnadal-toppscorar gjorde ingen feil. 1-1.
Etter 39 minutt tok blåtrøyene like godt leiinga. Røros stod stort sett høgt, noko som gav store rom for Surnadal sin raske angrepstrio, Ola Heggset, Frikk Hauglann Talgø og Sindre Fiske. 2-1 kom etter ein lang ball i bakrom, og Hauglann Talgø chippa over keeper og i mål.
Like før pause var Hauglann Talgø servitør, då han hadde målgjevande pasning til Sindre Fiske sitt 3-1-mål. Dermed gjekk Surnadal til pause med tomålsleiing.
Fiske og Hauglann Talgø herja
Ved pause bytta Surnadal heile forsvarsrekka, og i tillegg kom latviske Elvijs Jansons inn til debut då han kom inn for Geir Bævre sentralt på midtbana. Jansons jobbar til dagleg ved Hamnes Gard, og 20-åringen har erfaring frå nest øverste nivå heime i Latvia.
Surnadal starta og den andre omgangen best, og etter 67 minutt scora Sindre Fiske, som er tilbake i Surnadal etter ein sesong i Kristiansund BK, sitt andre mål for dagen. Frikk Hauglann Talgø prøvde seg med nok ein chip, men denne gongen gjekk avslutninga i tverrliggaren. På returen var imidlertid Fiske "på rætt plass te rætt ti", som den jamngamle surnadalsrussen har kalt russerevyen sin.
Og Webjørn Holten sitt mannskap hadde på ingen måte tenkt å gje seg. 74 minutt var spelt då Ola Heggset utnytta dårleg kommunikasjon mellom Røros sin keeper og ein midtstoppar, og dermed stod det plutseleg 5-1.
14- og 15-årige debutantar ordna mål
Mot slutten av kampen var det duka for to nye debutantar på A-lagsnivå for Surnadal. Ti minutt før full tid kom Vegard Dønnem inn for ein god Frikk Hauglann Talgø, medan Viljar Fiske Kvande kom inn på midtbana for Petros Simon Borke minuttet seinare.
Dønnem fylte 14 (!) år så seint som i oktober 2018, og blir dermed ikkje 15 før omtrent ved sesongslutt i år. Kvande er året eldre, fødd i 2003, og dei to unge debutantane skulle verkeleg få vist seg fram denne laurdagen.
Minuttet før full tid fyra Vegard Dønnem nemleg av ei avslutning, og keeper måtte gje retur. Der dukka debutkollega Viljar Fiske Kvande opp, og fastsette sluttresultatet til 6-1 mot fjerdedivisjonskollega Røros.
Fornøgd trenar
– Dette var ei god oppleving for oss. Alle som er med til Trondheim i helga fekk speletid, og mange spelte på seg sjølvtillit, seier Surnadal-trenar Webjørn Holten, som oppsummerer kampen slik:
– Vi fekk ein veldig god start, før vi inviterte dei inn i kampen ein periode. Etter pause er vi rett og slett betre enn Røros, og seieren kunne faktisk vore eit par mål større.
Holten tippar Røros ville vore eit midt-på-tabellen-lag i 4. divisjon i Nordmøre og Romsdal.
– Dei var eit spelande lag, med mange spelarar som var bra med ballen.
Surnadal-trenaren var godt fornøgd med laget sitt etter 6-1-seieren.
– Vi er tidvis veldig gode. Eg må trekkje fram Sander Smevoll, som var vår bestemann i dag. Han var ei drivkraft på midtbana, jobba steinhardt og var rett og slett knakande god. I tillegg var trioen på topp, Ola Heggset, Frikk Hauglann Talgø og Sindre Fiske, veldig bra.
Bra var og dei tre debutantane, som etter kampen fekk gode skussmål av Holten.
– Elvijs Jansons kjem inn og er god og trygg. Han er pasningssikker, og veldig flink til å dekkje rommet framfor forsvaret vårt, seier trenaren.
– Så er det sjølvsagt artig med Vegard Dønnem og Viljar Fiske Kvande, som debuterer i ung alder. Det aller artigaste er å sjå det dei gjer på 6-1-målet. Vegard går på eit kjempegodt løp, tek med seg ballen og fyrar av eit knallhardt skot. Og samtidig har Viljar starta, og han fullfører løpet sitt der ein del andre nok ville gjeve opp. Det at dei tek dei løpa gjev oss ei scoring, rett og slett, seier ein glad Holten.
Kampfakta:
Surnadal-Røros 6-1 (3-1)
2. mars 2019, Tempebanen, Trondheim.
Mål:
0-1 Georg Rugelbak (11. min)
1-1 Sander Smevoll (32. min)
2-1 Frikk Hauglann Talgø (39. min)
3-1 Sindre Fiske (45. min)
4-1 Sindre Fiske (67. min)
5-1 Ola Heggset (74. min)
6-1 Viljar Fiske Kvande (89. min)
Gult kort Surnadal: Håkon Sæther (63. min)
Surnadal stilte slik, frå høgre mot venstre (4-3-3):
Lars Ove Løseth
Lars Mogstad (Håkon Sæther 46.)
Vegar Brøske (Ørjan Nes Haugen 46.)
Knut Ola Høvik (Steinar Heggset 46.)
Tore Bæverfjord (Ola Øyen Saltrø 46.)
Petros Simon Bokre (Viljar Fiske Kvande 81.)
Geir Bævre (Elvijs Jansons 46.)
Sander Smevoll
Sindre Fiske (Erlend Halset Ulvestad 70.)
Frikk Hauglann Talgø (Vegard Dønnem 80.)
Ola Heggset (Bjarne Østbø 82.)
Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.