Surnadal Jenter 15 til A-sluttspel
Surnadal Jenter 15 er klare for A-sluttspel i Norway Cup som gruppetoar. Det er klart etter at laget slo Røa 1 1-0 tysdag, samtidig som Røa 1 og tapte sin andre kamp for dagen 0-3 mot gruppevinnar Charlottenlund. Jenter 16-laget til Surnadal var og nære A-sluttspel, men mista avansementet fire minutt før full tid. Dermed er resten av dei lokale laga klare for B-sluttspel.
Det vart stor spenning på Rustadfeltet tysdag morgon, då Surnadal Jenter 15 møtte Røa 1 til dyst i Norway Cup. Røa stod med 6-0 over Askøy 2 og 1-0 over Drangedal i sine to første kampar, medan Surnadal på si side hadde slått dei same to laga 4-0 og 2-0, samt tapt 0-2 for gruppeleiar Charlottenlund.
Røa 1-Surnadal var difor ein kamp surnadalingane måtte vinne for å ha håp om avansement til A-sluttspelet, og sjølv om den satt langt inne, vart det seier til slutt.
Etter ein spennande kamp sendte nemleg Ihne Botten Henden nordmøringane til himmels då ho sette inn kampens einaste mål med eit flott langskot, berre tre små minutt før full tid.
Det betyr at Surnadal avsluttar gruppespelet med tre seirar og eitt tap. Dei fire kampane gjev ni poeng og 7-2 i målforskjell, og spenninga var stor om det heldt til A-sluttspel.
Røa 1 kunne nemleg frårøve surnadalingane avansementet med poeng mot gruppevinnar Charlottenlund, men trøndarane gjorde kort prosess med gjengen frå Oslo Vest, og vann 3-0.
Dermed enda Charlottenlund på 12 poeng, Surnadal på ni, Røa 1 på seks, Drangedal på tre og Askøy 2 på 0.
Surnadal J15, som består av spelarar fødd i 2004, 2005 og 2006, møter no Djerv 1919 i 1/16-finalen i A-sluttspelet torsdag.
Seieren glapp på slutten
Også for Surnadal J16 vert det spennande heilt til siste slutt. Laget hadde god kontroll i tysdagens første kamp, mot Nord frå Karmøy. Både Hanne Dønnem og Anne Nergård Norli kom til gode sjansar i åpningsminutta.
Etter 12 minutt ga Mia Settemsdal surnadalingane leiinga 1-0, og berre to minutt seinare la Hanne Dønnem på til 2-0 etter corner frå Settemsdal. Deretter var Julie Hagen Eide nær scoring etter eit flott raid, men 2-0 stod seg til pause.
Berre fire minutt ut i andre omgang fortsette Mia Settemsdal storspelet, då ho like godt sette ballen i krysset til 3-0. Om lag ti minutt før full tid kombinerte Julie Stavås og Hedda Aasbø flott, og sistnemnde fastsette sluttresultatet til 4-0.
I Surnadal J16 si pulje utmerka tre lag seg; Lambertseter, Surnadal og Sykkylven. I siste runde møttest Lambertseter og Surnadal, medan Sykkylven skulle måle krefter med Nord ein time seinare.
I oppgjeret mellom Lambertseter og Surnadal gjekk surnadalingane respektlaust til verks, og skapte fleire gode sjansar til å score. Første omgang enda likevel mållaust, og fem minutt ut i andre omgang tok Lambertseter leiinga.
I løpet av dei fem neste minutta snudde Surnadal kampen. Først slo Julie Stavås flott inn til Hedda Aasbø, som sette inn utlikninga. Deretter var det Mia Settemsdal som fossa fram på venstrekanten og slo inn. Nok ein gong var Aasbø sist på ballen, og det stod 2-1 til Surnadal.
Det resultatet ville halde til avansement til A-sluttspelet for blåtrøyene, men fire minutt før full tid utlikna Oslo-laget til 2-2, og dermed var Surnadal avhengige av at Nord tok poeng mot Sykkylven for å gå vidare. Det klarte dei ikkje, for med 1-0-seier i den kampen avanserte Sykkylven til A-sluttspelet.
Surnadal J16 går no direkte til 1/8-finale i B-sluttspelet onsdag. Der møter dei vinnaren av 1/16-finalen mellom Tertnes og Brattvåg.
Tap for Surnadal G13/14-2
Med seier over Skodje tysdag, ville Surnadal G13/14-2 vere klare for A-sluttspelet, men slik gjekk det ikkje. Skodje pressa frå start, og berre storspel frå keeper Jostein Reiten hindra baklengs. Etter rundt 10 minutt fekk sunnmøringane til slutt overlista Surnadal sin gode sisteskanse, og etter kvarteret stod det 0-2.
Då varta Andreas Fjærvik opp med eit flott skot, som keeper måtte gje retur på. Filip Møkkelgjerd sette returen i mål til 1-2, og håpet om avansement vart tent på nytt.
Rett etterpå fastsette Skodje pauseresultatet til 3-1, og med to nye Skodje-mål i andreomgang enda kampen til slutt med 1-5-tap for Surnadal.
Dermed skal laget ut i B-sluttspel onsdag. Motsandar i 1/16-finalen der vert truleg Furuset.
Surnadal/Søya/Todalen G15 møtte Ready 2 i sin siste kamp i gruppespelet. Samarbeidslaget var det førande laget i store delar av kampen, men det var Oslo-laget Ready som scora det einaste målet i kampen. Dermed enda det innleiande spelet utan poeng for 15-åringane, som onsdag møter enten Oppsal eller Stegaberg i 1/16-finalen i B-sluttspelet.
B-sluttspel blir det og på både Surnadal G13/14-1 og Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen (KUST) J13/14. Surnadal møtte tabelltopp Blindheim, og måtte vinne for å gå til A-sluttspelet.
Sunnmøringane scora først, før to mål av Arthur Rosvoll Bøe sendte Surnadal opp i ei 2-1-leiing. Og den stod seg til godt ut i andre omgang, då Blindheim utlikna til 2-2.
Like etter sette Blindheim inn både 3-2 og 4-2, og knuste dermed Surnadal sitt håp om A-sluttspel. Blindheim avanserte som puljevinnar med tre strake seirar og 12 plussmål, medan det sure 0-1-tapet for tyske Harlingerland måndag i realiteten var det som sendte surnadalingane til B-sluttspel i staden for A. I B-sluttspelet møter laget no Åmdal-Tokke i 1/16-finalen.
Også for KUST J13/14 var det måndagens tap, for deira del 1-3 mot Hareid, som i realiteten utgjorde forskjellen mellom A- og B-sluttspel. Tysdag venta nemleg gruppeleiar-, og seinare -vinnar, Syril, for KUST-jentene.
Syril hadde vunne 4-0 og 7-2 i sine to første kampar, men KUST heldt dei til berre tomålsseier. Det gjorde at Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen vart nummer tre i gruppa med sine tre poeng, og dermed ventar Stridsklev IL i 1/16-finalen i B-sluttspelet onsdag.
Dønnem og Kvande på scoringslista
Siste lokale lag ut onsdag var Surnadal/Søya/Todalen, som møtte Rennebu. Trøndarane tok leiinga etter fem minutt, men Vegard Dønnem utlikna til 1-1 etter 17 minutt.
Samarbeidslaget var det førande laget i kampen, og like før pause skaffa Lasse Vaseng Hansen straffespark. Det sette Viljar Fiske Kvande sikkert i mål, og dermed stod det 2-1 til Surnadal/Søya/Todalen ved pause.
12 minutt ut i den andre omgangen utlikna Rennebu til 2-2, og nokre minutt før full tid sikra dei seg og seieren. Eit frispark vart sett direkte i nota, og dermed vart det eit nytt surt tap for G16-laget, som no møter Nesbyen i 1/32-finalen i B-sluttspelet.