SIL

Surnadal IL lanserar «Glød»

Surnadal Idrettslag ønskjer å vere i kontakt med medlemmane sine, og vere synlege i lokalsamfunnet. Som eit ledd i dette lanserer vi no «Glød». I første utgåve av medlemsbladet, som vert publisert på idrettslaget si heimeside og Facebook, får lesarane servert både reportasjar, intervju og bildeseriar.

I #1 kan ein mellom anna lese intervju med Arnhild Bergheim frå handballgruppa, som nyleg vart kåra til Årets Ildsjel under Idrettens Festkveld. I tillegg kan ein verte betre kjent med to av Surnadal sine nye ressurspersonar – Rickard Larsson og Espen Fougli Vraalsen. Sturla Brørs fortel om eit artig SIL-minne frå Rensfjellrennet, medan dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus deler sine tankar om kva eit idrettslag skal vere.

Når det gjeld bilete får lesarane sjå glimt frå alpingruppa sin tur til Åre, samt alt frå det første A-laget i fotball i 1966 til friidrettsgruppa, som nyleg deltok i KM innandørs i Tingvollhallen. Her er det altså noko for ein kvar smak!

Medlemsbladet «Glød» kjem til å bli utgjeve fire gonger i året – mars, juni, september og desember. Redaksjonen består av dagleg leiar Øystein Hjelle Bondhus og Mari Vattøy.

Surnadal IL ønskjer å rette ei stor takk til AMFI, Gjensidige, Pipelife, Norsk Kvalitetsmat – Dagens Fangst, Surnadal Sparebank og Svorka, som er med som annonsørar i «Glød» #1.

Linken til bladet blir lansert kl 15.00 i dag 12.mars

For meir informasjon, kontakt:

Øystein Hjelle Bondhus, dagleg leiar i Surnadal IL, på tlf. 926 98 080.