Surnadal bondelag

Surnadal Bondelag 100 år

Surnadal Bondelag skal i år feire at det er 100 år sidan det første Bondelaget i kommunen vart stifta. Laget vil markere jubileet på ulike måtar. Surnadal Bondelag oppfordrar til at alle bønder i Surnadal stiller opp på dette prosjektet.

 

Surnadal Bondelag 100 årNorges Bondelag.png

Surnadal Bondelag skal i år feire at det er 100 år sidan det første Bondelaget i kommunen vart stifta. Det skjedde i Stangvik, og etter kvart vart det fire andre lag innafor det som er lagets område i dag. Stangvik, Kvanne og Lykkjeeidet, Surnadalsfjord, Surnadal og Åsskard har med åra fusjonert til det laget vi har i dag, og som no har tett oppunder 200 medlemmar og er fylkets største Bondelag.

 

Laget vil markere jubileet på ulike måtar. Vi har fått Sverre Hatle med oss til å sy saman eit jubileumsskrift, vi vurderer å arrangere open gard utpå ettersommaren og vi skal ha ein skikkeleg festkveld i Bondhuset i Stangvik utpå hausten når dei fleste onnene er unnagjort. Fotograf Nathan Lediard ønsker også å få til ei fotodokumentasjon av bonden anno 2014. Eit brev er sendt ut til alle lagets medlemmar om å kontakte Lediard eller Bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen dersom dei vil delta på dette. Lediard ser for seg at det kan bli ei utstilling og kanskje ei fotobok av dette prosjektet.

 

Surnadal Bondelag oppfordrar til at alle bønder i Surnadal stiller opp på dette prosjektet, og vi ber og om at alle, bønder og andre, som har aktuelt stoff; bilete, tekst eller muntleg stoff om å kontakte nokon av medlemmane i redaksjonsnemda for jubileumsskriftet. Vi tek imot alt med takk, både gamalt og nytt. Spesielt er vi på jakt etter styreprotokollen for dei siste åra fram til 2000. Den har kome bort for oss og vi ber dei som var i styret på den tida om å leite på loft og i kjellar etter denne.

 

Kontakt:

Oddvar Mikkelsen på tlf 41460565  om@orkla.norgesfor.no

Olav Mauset tlf48061423  ormauset@online.no

Sverre Hatle tlf 48248913  sverhatl@online.no

Erik Moen, Ola G Sande, Gustav Kvendbø, Martinus Ranheim og Lars Polden er og med i redaksjonen.