
Sundagspreika
Eldresenteret og Kapellet 13.11.2011.
Me har vel pugga det grundig nok i vår tid som skuleelevar: Å vera, er, var, har vore. Dette er eit verb, det handlar meir om det levande enn det som står stille.
Og faktisk: Slik presenterer Gud seg òg. Han talar direkte frå tornebusken med Moses mens Moses er ute og gjetar småfe i øydemarka. Oppdraget Moses får er ualmindeleg stort, det er neimen ikkje rart at han vegrar seg.
Etter ein del om og men, blir det så Moses spør kven han skal helse ifrå når han skal begi seg til Farao for å leggja fram erendet. Då svarar Gud: Eg er. Du skal seie at Eg er har sendt deg.
Slik gjekk det altså til – og me skal høyre lese frå 2.Mosebok 3, 11-15:
Moses sa til Gud: «Hvem er jeg? Kan jeg gå til farao og føre israelittene ut av Egypt?» Han svarte: «Jeg vil være med deg! Dette skal du ha til tegn på at det er jeg som har sendt deg: Når du har ført folket ut av Egypt, skal dere tjene Gud på dette fjellet.»
Da sa Moses til Gud: «Sett at jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til dere, og de så spør meg: Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?»
Gud svarte Moses: «Jeg er den jeg er.» Og han sa: «Slik skal du svare israelittene: Jeg er har sendt meg til dere.» Og Gud fortsatte: «Du skal si til israelittene: Herren, fedrenes Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dere. Dette er mitt navn til evig tid, dette skal jeg kalles fra slekt til slekt.
At Gud er, fekk han så sanneleg vist både til Farao og Moses og alle dei andre. Når Gud har sett seg noko fore, så blir det uansett tvil og tru, trass og vantru.
Å vera, er, var, har vore …. Tenk på det når du grublar over livet og døden, tenk på det når du tek store spørsmål i bevisstheita.
Gud er. Gud var. Gud har vore. Gud blir. Han er.
Eg er, kallar han seg. Eg er. Meir presentasjon trengst ikkje. Men han kan gjerne også kalle seg for fedrenes Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud. Det gjer han så gjerne.
Kven fleire har Gud vore Gud for? For oldefar din? For bestemor di? For far din? For mor di? – Vart Gud den som er Gud for deg?
Han byr på seg sjølv når han talar til menneske, Gud. Han byr liv og saligheit. Han byr oss alt.
Me er ikkje henvist til noko trelldom i Egypt, slik Moses og Israelittane var. Vår trelldom kan gjerne vera av ein annan sort: Me slit med gamal og ny synd, me slit med oss sjølve og anna folk, me slit med smiger og baksnakk, me slit med å skaffe oss ting og så bli kvitt dei att. Det er ikkje med måte for prøvelsar me har – sjølv om me ikkje er slavar i Egypt. Det er då drygt å leva i slaveri under seg sjølv og anna folk òg!
Slik Gud talte til Moses, kan han òg tala til oss. Bodskapen er den same: Eg er.
Kva vil Gud seie oss med dette – anna enn noko meir om livet enn me kunne tenkt oss til sjølve? Meir om livet – meir om seg sjølv – og meir om oss.
Når Gud er – kva er det så som ikkje er? Når Gud er – kva er det så som er like viktig for oss?
Når Gud er, blir me utfordra på å sleppe taket i alt anna. Når Gud er, blir me utfordra på å hente frelse og liv der det er å finne. Når Gud er, ligg framtida føre oss.