Picasa

Sundagspreika frå Rindal

Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus kan aldri bli nøytral. Det har me all grunn til å vera glad for! Dette var tema i preika i Rindalskyrkja sundag. Les den nedafor!

 

Hallelujaomkved før og etter evangelielesning

 

Evangelium: Matt 8,5-13

Det står skrevet i evangeliet etter Matteus:

Da Jesus gikk inn i Kapernaum, kom en offiser til ham og ba om hjelp. «Herre», sa han, «tjenestegutten min ligger lam hjemme og har store smerter.» Jesus sa: «Jeg skal komme og helbrede ham.»

Offiseren svarte: «Herre, jeg er ikke verdig til at du kommer inn under mitt tak. Men si bare et ord, så vil tjenestegutten min bli helbredet. For jeg står selv under kommando og har soldater under meg. Sier jeg til én: ‘Gå!’ så går han, og til en annen: ‘Kom!’ så kommer han, og til min tjener: ‘Gjør dette!’ så gjør han det.»

Jesus undret seg da han hørte dette, og han sa til dem som fulgte ham: «Sannelig, jeg sier dere: En slik tro har jeg ikke funnet hos noen i Israel. Det sier jeg dere: Mange skal komme fra øst og fra vest og sitte til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.

Men rikets barn skal kastes ut i mørket utenfor, der de gråter og skjærer tenner.» Til offiseren sa Jesus: «Gå! Det skal skje, slik du trodde.» Og tjenestegutten ble frisk i samme stund.

 

Slik lyder det hellige evangelium.

 

Hallelujaomkved før og etter evangelielesning

 

Preken

 

Kan han så kan me! Kan ein offiser med uniform og makt og posisjon og pengar be Jesus om hjelp – så kan vel me òg! Å be Jesus om hjelp er ikkje flaut. Å be Jesus om hjelp er lurt!

 

Kven er så han me ber om hjelp? Har Jesus uniform, liksom? Er Jesus kul og tøff? Er det ein smule overdrive, de me høyrde omprata rundt dåpen her at han har all makt i himmel og på jord.

Kva makt har Jesus i Rindal, forresten? Like mykje som Senterpartiet, rektor og alle foreldre til saman? Kva med Facebook og alskens dataspel, kva med Åndenes makt på TV, kva med alle som er ute etter å tene pengar på at me lever for å kjøpe og kjøper for å vera kul?

 

Kvifor vera så kategorisk og firkanta – om ikkje at eg vil ha dykk til å tenkja sjølve: Kva er viktig i livet mitt? Kven skal ha makt og innflytelse over korleis eg tenkjer og korleis eg oppfører meg, korleis eg bruker pengar og kven eg vil bli likt av. Kven skal ha makt?

 

Visse spørsmål i livet nyttar det ikkje å stille seg nøytral til. Me kan stille oss nøytrale til politikken, sitja heime når det er val og stå fritt med hensyn til kven me vil kritisere etterpå. Men var det å vera nøytral?

Faktisk kan me aldri stille oss nøytrale til noko. Ikkje! Me har alltid val å ta, - uråd å stille seg nøytral til kva me skal ha til middag, kva bøker me skal lesa, om me skal chatte eller sjå på TV, om me skal gå tur eller gjera lekser.

 

Det som minst av alt er nøytralt, er dette som går på kjærleikslivet. Det veit alle som har vore forelska og alle som har hatt kjærleikssorg. Kjærleik er ein vanskeleg ting, ja. Og nøytral blir den aldri.

 

Mange seier at me kan stille oss nøytrale til Jesus. Han kan stå der som eit tilbod på lik linje med politikarar som overbyr kvarandre, idrettslaget og yrkesvalg.

 

Men når vart Jesus ein nøytral greie? Aldri! Eg har fått all makt i himmelen og på jorda, seier Jesus. Så vidt meg bekjent, er ikkje den beskjeden annulert enno.

 

Kva makt har så Jesus – anna enn den makta som er god, den makta som er trygg, den makta som vil oss vel og fri oss frå synd og død og destruktivitet?

 

Tre familiar er her med jentene sine i dag. Dei vil at borna skal bli døypte. Dei vil at Jesu liv og frelse skal gjelde for jentene deira.

 

Mange familiar er her i dag fordi dei har konfirmant. De som er i den mest spanande fasen av livet skal vera aktive i menigheita og lære om kristen tru vinteren igjennom. Berre til opplysning for de som måtte lure: Årets konfirmantkull er allereie grundig framsnakka. Eg likar dykk skikkeleg godt, og bryt ingen teieplikt når eg rosar dykk for alle som vil høyre.

Om me så er her fordi me må eller fordi me vil …. kanskje me skulle spørje oss: Korleis let me oss så møte av Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus? Nøytral er aldri Jesus. Ikkje kortreist heller – han fòr til dødsriket for å få oss bort derirå og inn i sitt rike.

Han har meir makt enn me kan forstå og elskar oss høgare enn me kan fatte. Eller djupare - .

 

Det eg har sagt så langt kan vel tolkast som ei oppfordring til å ta val for Jesus. Velja han som vil det beste for oss – som ein av mykje anna bra me kan velja. Men me kan gjerne ha i mente at alt dette som går på kristen tru og kristne verdiar kjem seg meir an på Jesus enn på oss.

 

Det var han som elska oss fyrst ved å gje livet sitt for oss. Det var han som ville at me skulle få det me ikkje får til sjølve. Og uansett: Det er Jesus som har all makt i himmel og på jord – uansett om me likar det eller ikkje. Det er som me skal høyre når me får nattverd seinare i gudstenesta: Kroppen hans vart broten sund for oss. Blodet hans vart rent ut for oss.

 

Fordi Guds kjærleik til oss i Jesus Kristus aldri blir nøytral. Det kan me vera glad for!