
Suksess for Talgø på Lillestrøm
Søndag var 5. og siste opningsdag for byggmessa “Bygg Reis Deg 2011″ på Lillestrøm. Salgssjef Brynjar Ansnes Moe seier til Todalen.no at Talgø har opplevd ein fantastisk respons frå både butikkar, arkitektar og forbrukarar desse dagane. – Vi har møtt mange av våre eksisterande og potensielle kundar, og fått vist både breidde og heilskap i det vi held på med. Dei besøkande har gjeve uttrykk for at dei er overraska over mangfaldet og har vore imponert over messestanden til Talgø, seier han.
Messestaben til Talgø på Bygg Reis Deg 2011. Foto: Heid Snekvik
Ifølgje todalen.no er Terje Talgø optimist med omsyn til framtidsutsiktene til bedrifta. Han trur den store oppmerksamheita Talgø no opplever, gjer at Talgøkonsernet kjem til å stå godt rusta til å møte utfordringane i den internasjonale økonomien. - Vi er i siget, og gler oss til forsettinga, seier han til todalen.no.
Les meir om suksessen til Talgø på Lillestrøm på todalen.no.