Streikar for klimaet
Fem sjuandeklassingar ved Øye skule og 11 elevar frå Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, deltok fredag i den verdsomfattande skulestreiken for klima. Elevane seier dei streikar for at politikarane skal sjå at ungdommen engasjerer seg i miljøsaka. Og ordføraren er glad for at dei tek ansvar.
Fredag 22. mars engasjerer barn og unge over heile landet seg for klimasaka, og det gjev utslag i skulestreikar på både barne- og ungdomsskular rundt om kring i Noreg.
Skulestreikane er ei internasjonal kampsak, starta av svenske Greta Thunberg. Ho starta det heile som ein protest mot det ho meiner er tiltakslausheit blant politikarar innanfor klimapolitikken.
Også i Surnadal vart det arrangert klimastreik fredag. Fem sjuandeklassingar hadde laga plakatar med klare bodskap, som "Det er ingen Planet B" og "Gjer framtida vår betre igjen! Gjer noko før det er for seint!".
Dei fem tok turen frå Øye skule og protesterte ved kommunehuset, før dei gjorde det same ved Coop Extra og Amfi-senteret.
– Vi gjer dette for å gjere framtida vår betre, seier Hedda Forslund, som raskt får støtte frå Elisabeth Marie Roaldset:
– Det er viktig at politikarane ser at vi unge bryr oss, så kanskje dei kan gjere noko.
– Nødvendig med streik
I tillegg til Forslund og Elisabeth Marie Roaldset, deltok Lasse Roaldset, Julian Akrim og Isak Sande Fjellås på klimastreiken fredag. For å kunne delta måtte elevane ved Øye ha fått skriftleg tillatelse frå dei føresette.
Elevane frå 7A og B fryktar at jorda blir endå meir forsøpla dersom dei som bestemmer ikkje tek grep.
– Det er nødvendig at vi streikar, så kanskje verda ikkje lenger treng å vere full av unødvendig plast og søppel, seier Elisabeth Marie Roaldset, medan Isak Sande Fjellås legg til:
– Vi håpar berre at politikarane høyrer på oss.
Ordføraren positiv
Også ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter deltok elevar i skulestreiken. Dei to siste skuletimane fredag streika 11 av 15 elevar på 6. og 7. trinn for å plukke søppel.
I ein e-post til ordførar Lilly Gunn Nyheim skriv elevane mellom anna følgjande:
– Det vi vil oppnå med dette er at fleire skal ta ansvar, og at politikarane skal sjå at ungdommen er villig til å gå langt for å oppnå endringar i vårt samfunn. Vi håpar du forstår.
Og forstår, det gjer ordførar Nyheim. I svaret til skuleelevane frå Bøfjord og Bæverfjord skriv ho mellom anna følgjande:
– Eg er glad for at de tek miljøansvar og vil gjera noko for miljøet. Plast høyrer ikkje heime i naturen, og heller ikkje anna søppel. Å gå til streik er ein alvorleg avgjersle, og ei må difor ha ein viktig årsak for å ta det steget. Når det er sagt meiner eg at to skuletimar for ei så viktig sak er godkjent som viktig årsak.
– Eg støttar dykk i streiken og håpar at verknaden blir både eit reinare Bæverfjord og eit signal til regjeringa om å ta miljø meir på alvor og at de viser kor viktig ungdommen i Bæverfjord ser på miljøforsøplinga. Lykke til med tiltaket.
Stort engasjement
Lisa Forslund ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter fortel at to av elevane allereie for to veker sidan starta ein Instagramkonto, der dei legg ut bilete av at dei plukkar plast og anna søppel.
– Denne streiken er ikkje noko vi som skule legg opp til, men det vart tydeleg at mange ønska å delta i klimastreiken, seier ho, og legg til:
– Ungdommen rundt om kring har i denne saka fått mykje kritikk for at dei utnyttar streiken til å skulke skulen og få ein dag fri, men hos oss brukar dei tida si på å plukke søppel. Det viser eit stort engasjement, seier ho.
Jo Lasse Bøe, Abel Raaen, Eiri Blekken, Asbjørn Bøe, Nicolas Bæverfjord, Elisabeth Settemsdal, Hanna Aasbø, Arthur Rosvoll Bøe, Håkon Bøklep, Ine Marie Solem og Håkon Lund Paulsen streika for å plukke søppel. (Foto: Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter)